Silikagel er ikkje farleg å smake på

Å smake på kuler av silikagel er ikkje farleg. Silikagel er eit materiale som trekkjer til seg fukt, og er ofte små posar med harde, faste kuler som ligg i lommer på klesplagg, i skoesker eller liknande produkt.

To små poser liggende på et bord, med små plastkuler som kommer ut fra den ene posen.

Silikagel førekjem ofte i små posar, som runde og harde kuler. Farge kan variere, men ofte blank eller kvit. Nokre er tilsett farge (ofte blå eller lilla) for å vise opptak av fukt (fuktindikator).

Er silikagel farleg å ete?

​Nei, det er ikkje farleg å få i seg litt silikagel ved eit uhell. Silikagel blir ikkje tatt opp i kroppen etter svelging. Kulene tek følje med resten av innhaldet i magesekken på veg ut av kroppen. Gi litt drikke for å sikre at kulene ikkje festar seg på slimhinna lengre bak i svelget.

Silikagel blir brukt som tørremiddel i ymse varer, som i nykjøpte klede, sko, vesker og andre varer som ikkje bør bli fuktige. 

Posane er ofte merka med "Do not eat". Dette er for å gjere deg merksam på at det ikke er ei matvare. Om nokon likevel har ete nokre av desse kulen er det ikkje fare for forgifting. 

Andre typar tørremiddel

Det finst andre typar tørremiddel i bruk som ikkje er silikagel. Om du har problemstillingar som gjeld desse tørremidla, tilrår vi at du tek kontakt med Giftinformasjonen for vurdering.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Silikagel er ikkje farleg å smake på. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 17. januar 2025 [henta laurdag 22. februar 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/silikagel/

Sist oppdatert fredag 17. januar 2025