Hudkrem, bodylotion og handkrem

Fuktgivande kremar utan annan verknad er lite farleg å smake på. Produkt i denne kategorien kan vere vanleg hudkrem, bodylotion og handkrem.

Pumpeflaske med bodylotion på et baderom

Kremar og bodylotion er lite farleg å smake på ved uhell.

Ulike hudkremar 

Hudkremar består stort sett av feittstoff og andre fyllstoff. Desse feittstoffa er lite problematisk å smake på.  

Kremar som har spesielle eigenskapar som kulde- eller varmekremar, kan ha tilleggsstoff som kan gi forgifting. Kontakt Giftinformasjonen dersom kremen er av ein slik type. 

Symptom etter inntak av hudkrem 

Sjølv om det er ete i små mengder, kan pr​​odukta gi milde og forbigåande mage- eller tarmsymptom som 

  • kvalme 
  • oppkast 
  • diaré 

Dette er lite farleg og symptoma er forbigåande. Desse uhella kan sjåast an heime. 

Førstehjelp etter inntak av hudkrem

  • Gi litt drikke for å skylje bort krem og fjerne vond smak.
  • Kontakt lege ved kraftige eller langvarige mage/tarmsymptom. 

Symptom ved søl av hudkrem i auget 

Vanleg hudkrem kan gi augeirritasjon dersom det kjem inn på auget. 

  • svie og lett tåreflod 
  • raudne på auget 

Førstehjelp etter uhell med hudkrem på auget

  • Skyl auget med lunkent vatn i nokre minutt. 
  • Ved kraftige eller langvarige symptom, kontakt lege for vurdering. 

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Hudkrem, bodylotion og handkrem . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 18. januar 2024 [henta måndag 23. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/kroppspleieprodukter/hudkrem-bodylotion-handkrem/

Sist oppdatert torsdag 18. januar 2024