Tennbrikettar og tennposer

Små uhellsinntak med faste tennbrikettar og tennposar er lite farleg og kan gje irritasjonssymptom. Kontakt Giftinformasjonen dersom det er svelgt større mengder eller det er flytande innhald i tennbriketten.

Brune opptenningsbriketter i en haug, med hvit bakgrunn.

Det er lite farleg å smake litt på ein tennbrikett.

Kva inneheld tennbrikettar og tennposar?

  • Brune tennbrikettar inneheld ofte sagflis eller spon, tilsett parafin. 
  • Kvite tennbrikettar inneheld ofte parafinvoks. Det finst typar med flytande innhald. 
  • Kvite tennposar inneheld ofte parafinvoks, men kan òg innehalde små mengder av andre kjemikalium. 
  • Nokre produkt til opptenning inneheld treull, som vanlegvis er trespon tilsett parafin.  

Tennbrikettar og tennposar er lite farlege ved smaksuhell 

Innhaldet og konsistensen til tennbrikettar og tennposar gjer at det er lite farleg å smake på desse ved uhell. Dersom det er ete litt større mengder, bør du kontakte Giftinformasjonen. 

Tennposar med flytande innhald

Det er flytande innhald i nokre typar tennposar eller produkt til opptenning. Ved svelging av flytande parafin kan du få akutte symptom frå luftvegane. Dersom det er smakt på eit slikt produkt, skal du kontakte Giftinformasjonen. 

Kva skal du gjere dersom det er smakt på ein tennbrikett eller tennpose? 

Ved smaksuhell:

  • Fjern restar frå munnen. 
  • Gje litt drikke. 
  • Sjå an heime, dersom det berre er ein liten smak av eit produkt med fast konsistens. 
  • Kontakt lege dersom det er symptom frå luftvegane. 
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom  
    • det er svelgt fleire bitar. 
    • det er flytande innhald i produktet. 

Kontakt Giftinformasjonen om uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnopen telefon.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Tennbrikettar og tennposer. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 13. mai 2024 [henta tysdag 16. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/grill-og-ildsted/

Sist oppdatert måndag 13. mai 2024