Peperomia

Peperomia er lite farlege planter og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Hjerteformede blader med en dyp brunlilla farge.

Førstehjelp ved uhell med peperomia

  • Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av peperomia

​Peperomia, ofte kalla rotterumpe, er ei planteslekt i peparfamilien som omfattar mange artar og som veks vilt i tropisk Amerika. Dei blir vanlegvis brukte som stoveplanter og har svært varierande utsjånad. Blada er kjøtfulle og dekorative. Mange av artane set bittesmå blomar. Blomane sit samla i aks som minner om rottehalar.

Store, runde kjøttfulle blader.

Peperomia bolybotrya

Små, runde grønne blader.

Peperomia rotundifolia

Mange spisse, grønne blader.

Peperomia spic

Ovale, mørkegrønne blader med små tupper.

Peperomia rosso

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Peperomia. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 17. januar 2025 [henta fredag 31. januar 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/peperomia/

Sist oppdatert fredag 17. januar 2025