Nellik-artar

Nellik-artar (Dianthus L.) er lite farlege planter, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak. Kontakt Giftinformasjonen ved kraftige eller langvarige symptom.

Rosalilla blomster på stilk.

Symptom ved uhell med nellik-artar

​Ein liten smak gir vanlegvis ikkje symptom.

Førstehjelp ved uhell med nellik-artar

  • Fjern planterestar frå munnen.
  • Gje litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har kraftige eller langvarige symptom etter inntak av nellik-plantar.

Skildring av nellik

Nellikslekta (Dianthus) omfattar mange artar med varierande utsjånad. Dei er eitt- til fleirårige planter med velduftande blomar. Blomane sit enkeltvis eller i kvastar. Blada er smale og noko samanvaksne ved basis.

Enkle, rosa kronblader.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Nellik-artar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 17. januar 2025 [henta torsdag 23. januar 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/nellik/

Sist oppdatert fredag 17. januar 2025