Lavendel

Lavendel (Lavandula angustifolia) er ei lite farleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Plante med mange små blålilla blomster på stilk

Førstehjelp ved uhell med lavendel

​Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av lavendel

​Lavendel er ei fleirårig plante, eller ei lita busk, som blir om lag 20 til 60 cm høg. Planta har blålilla blomar som veks på noko som minner om aks. Blomane har ei tydeleg duft, som er lett å kjenne att.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Lavendel. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 11. oktober 2024 [henta torsdag 26. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/lavendel/

Sist oppdatert fredag 11. oktober 2024