Ildtopp

Ildtopp (Kalanchoe blossfeldiana) er ei plante i bergknappfamilien. Planta er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Plante med tykke, brede blader og små røde blomster

Symptom ved forgifting med ildtopp

Ildtopp er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Førstehjelp ved uhell med ildtopp

  • Fjern planterestar frå munnen.
  • Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av ildtopp

​Ildtopp er ei fleirårig urt i bergknappfamilien. Den veks seg ganske kompakt, med tjukke, breie blad. Ildtopp finst i variantar med raude, gule og lilla blomar.

Ildtopp kjem opprinneleg frå Madagaskar og er ei populær stoveplante.

Flere individuelle planter i forskjellige farger, rød, mørk rosa, lys rosa, hvitt og oransje

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Ildtopp. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 29. august 2024 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/ildtopp/

Sist oppdatert torsdag 29. august 2024