Hestehov

Hestehov (Tussilago farfara) er ei plante i korgplantefamilien. Planta er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom om du ved uhell får i deg litt av planta.

Hestehov med gule hårete kronblad

Symptom ved forgifting med hestehov

Hestehov er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom om du ved uhell får i deg litt av planta.

Ved smaksuhell med hestehov

  • Fjern planterestar frå munnen.
  • Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av hestehov

​Hestehov er ei plante i korgplantefamilien og er ein av dei første vårblomane som dukkar opp.

Hestehov er fleirårig og kan bli 5–20 cm. Stengelen blir utvikla tidleg og er spindelvevhårete med raudbrune stengelblad. Kroner er gullgule. Etter bløming blir det danna nyreforma, langskafta rosettblad som står heile sommaren.

Gule blomster med hårete kronblad og gullgul krone

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Hestehov. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 3. april 2024 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/hestehov/

Sist oppdatert onsdag 3. april 2024