Symptom ved forgiftning med gullkurv
Gullkurv er ei lite farleg planteslekt, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med gullkurv
- Fjern planterestar frå munnen.
- Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av gullkurv
Gullkurv er ei planteslekt i korgplantefamilien med litt under 40 artar fordelt på Europa, Asia og Nord-Afrika. Den er opprinneleg ikkje viltveksande i Noreg, men finst som staudar med gule blomar. Gullkurv blømer vanlegvis i mai–juni.
![Gule blomster med tynne kronblader](https://www.helsenorge.no/492d1f/globalassets/bilder/gullkurv-2.jpg?width=700&hash=3B2B866CB71CDC8D37D85A12FC1AB5B19882ED7821F5B6A8AE2A5FFC17D33431)
Illustrasjon: Mostphotos.com