Gerbera

Gerbera er ei planteslekt i korgplantefamilien. Felles for heile gerberaslekta er at alle er lite farleg å smake på.

Blomster formet som en stor prestekrage i lys rosa farge

Gerbera er ei lite farleg planteslekt, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Symptom ved forgifting med gerbera

Gerbera er ei lite farleg planteslekt, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Førstehjelp ved uhell med gerbera

  • Fjern planterestar frå munnen.
  • Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av gerbera

​Planteslekta omfattar rundt 50 artar, og blir i Noreg dyrka i veksthus til snittblomar og som potteplante. Fargane på gerbera kan variere, du finn blant anna raude, oransje, gule og rosa blomar i slekta.

Blomster i stor prestekrage, i forskjellige farger; en rød, en oransje, en gul og en dyp rosa med hvite kanter.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Gerbera. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 29. august 2024 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/gerbera/

Sist oppdatert torsdag 29. august 2024