Eikenøtter

Eik er eit tre i eikeslekta (Quercus spp.). Nøtter frå eiketreet inneheld irriterande forbindingar som kan gje symptom ved inntak.

Grønne nøtter på kvist med grønne taggete blader.

Eikenøtter inneheld irriterande forbindingar, som kan gje symptom frå magen ved inntak.

Symptom ved forgifting med eikenøtter

  • ​magesmerter
  • kvalme
  • oppkast
  • forstoppelse

Førstehjelp ved forgifting med eikenøtter

  • Fjern eventuelle restar frå munnen.
  • Gje litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom du har inntatt meir enn 5 eikenøtter.
  • Ring lege ved meir enn lette mage- og tarmsymptom.

Skildring av eikeslekta

Eikeslekta i Noreg består av sommareik, vintereik og raudeik. Hybrid innan slekta kan og forekome. Sommareika har blada festa nær greinene, medan vintereika har stilka blader.

Hos nøttene er det omvendt: nøttene til vintereika sitt rett på greina, medan nøttene til sommareika er stilka.

Eikeløv i brun, grønn og gul farge med avrundede fliker

Tre avlange, runde,  lysebrune nøtter i klase

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Eikenøtter. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 23. januar 2024 [henta søndag 22. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/eik/

Sist oppdatert tysdag 23. januar 2024