Buksbom er ei giftig plante

Buksbom (Buxus sempervirens) inneheld giftigstoff. Alvorleg forgiftning hos menneske førekjem sjeldan. Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete større mengder.

Klippet plante i potte

Buksbom er ei grøn plante som ofte blir brukt i hekk.

Symptom ved forgifting med buksbom

  • magesmerter
  • kvalme
  • oppkast
  • diaré

Gifta i buksbom kan òg gi andre symptom dersom barnet et mykje av planta.

Førstehjelp ved forgifting med buksbom

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete større mengder av buksbom.

Beskriving av buksbom

​Buksbom er ei prydbusk som kan bli 2–3 meter høg, men finst òg som potteplante. Buksbom er ei eviggrøn plante som ofte blir brukt til hekk, og som gjerne blir figurklipt i fantasifulle formar.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Buksbom er ei giftig plante. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 22. januar 2024 [henta torsdag 26. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/buksbom/

Sist oppdatert måndag 22. januar 2024