Blokkebær er ikkje giftig

Blokkebær (Vaccinium uliginosum) blir òg kalla mikkelsbær eller skinntryte. Blokkebær kan forvekslast med blåbær. Dette er ikkje farleg då blokkebær ikkje er giftig.

Blågrønne blader som er runde i spissen med blåsvarte bær.

Blokkebær kan forvekslast med blåbær. Dette er ikkje farleg då blokkebær ikkje er giftig.

Symptom etter inntak av blokkebær

Vi forventar ikkje symptom etter å ha ete blokkebær.

Beskriving av blokkebær

Blokkebær er ei lita, lauvfellande busk med blåsvarte bær som liknar på blåbær. Bæra er derimot lysare enn blåbær, meir avlange og har kvitt fruktkjøt. Dei er dessutan dekte av ei tynn vokshinne.

Blada er blågrøne og runde i spissane. Blada har heil kant i motsetnad til blåbær, som har sagtakka blad.

Grønne klaser med lyng i skogen.

Blokkebær og blåbær veks side om side ute i naturen. Blokkebær med blågrøne blad, medan blåbær er ljosare grøn i bladfargen.

Grønne lyngplanter som vokser på skogbunn.

To blåe bær som ligg i ei handflate.

Blokkebær (bær til høgre) kan ofte ha ei slags "stjerne" i enden av bæret, medan blåbær (bær til venstre) har ein runding/sirkel i enden.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Blokkebær er ikkje giftig. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 5. august 2024 [henta søndag 22. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/blokkebar/

Sist oppdatert måndag 5. august 2024