Scilla (russeblåstjerne)

Scilla (russeblåstjerne) blir rekna for å vere lite farleg å smake på, men kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har symptom, har hjartessjukdom eller har ete fleire løk eller større mengder med plantemateriale.

Russeblåstjerne har smale blader, med lyseblå blomster med tynne kronblad.

Russeblåstjerne har smale blad og opprett stengel, ofte med blå blomar.

Russeblåstjerne har smale blad, med lyseblå blomar med tynne kronblad. 

Symptom ved forgifting med russeblåstjerne

  • ​magesmerter
  • kvalme
  • oppkast og eller diaré

Ved større inntak kan det oppstå andre effektar.

Førstehjelp ved forgifting med russeblåstjerne

  • ​Fjern planterestar frå munnen og gi litt å drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen for råd dersom barnet har symptom, hjartesjukdom eller har ete fleire løk eller større mengder med plantemateriale.

Skildring av russeblåstjerne

​Russeblåstjerne er fleirårige, små løkplanter og er vanlege prydplanter i hagar, men dei forvillar seg lett i naturen.

Russeblåstjerne har smale blad og opprett stengel, ofte med blå blomar. Plantene blømer vanlegvis om våren.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Scilla (russeblåstjerne). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 4. mai 2023 [henta søndag 22. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/blastjerne/

Sist oppdatert torsdag 4. mai 2023