Eddik kan gi etseskade

Eddik til matlaging (7–10 %) har irriterande effekt, medan eddikessens (35 %) er sterkt etsande på auge, slimhinner og hud. Skyl med vatn med ein gong ved søl på hud eller auge. Ved eddikessens i munnen, ring 113. Ved søl på hud og auge kan du skylje medan du ringjer Giftinformasjonen for råd.

Eddik i butikkhylle

Mindre farlege eddikprodukt står ofte side om side med sterkare eddik i butikken.

Eddiksyre kan gi etseskader 

Eddik er ei syre og kan vere etsande slimhinner og hud. Vanleg hushaldningseddik 5–7 % gir sjeldan meir enn lette symptom. Eddikessens er ei løysning 35 % eddiksyre. Denne er sterkt etsande og kan gi alvorlege symptom. 

Eddikessens kan gi alvorlege etseskader 

Symptom ved uhell med eddikessens 

Ved uhell med eddikessens kan det oppstå alvorlege etseskadar i auge, hud eller slimhinner. Det er fare for hevelsar i svelg og pustevanskar.

Førstehjelp ved svelging av eddikessens  

  • Skyl munnen.  
  • Drikk 1-2 dl vatn. 
  • Ring 113. 
  • Skyl munnen med store mengder vatn. 

Førstehjelp ved søl av eddikessens i auget 

  • Skyl straks med rennande, lunka vatn i 30–60 minutt.  
  • Fjern eventuelt kontaktlinser forsiktig.  
  • Ring legevakt (116117) medan du skyl.  

Førstehjelp ved søl av eddikessens på hud  

  • Skyl godt med rennande, lunka vatn i 30–60 minutt.  
  • Ring Giftinformasjonen medan du skyl grundig. 
  • Ved sår eller blemmer, kontakt lege.  

Mateddik kan gi irritasjon    

Ved svelging 

  • Irritasjonssymptom kan oppgstå i munnhòle, svelg og magesekk.  
  • Drikk litt. 
  • Sjå an heime ved lette mageplager. 

Ring Giftinformasjonen ved meir enn lette symptom eller det er drukke større mengder ufortynna mateddik.  

Ved søl i auga  

Du kan oppleve raudne og irritasjon i auga.  

  • Skyl auga grundig under rennande vatn i 15 minutt. 
  • Kontakt lege dersom symptoma varer ved.

Kontakt Giftinformasjonen om uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnopen telefon.

Ved alvorlige symptom ring:

113

For helsepersonell

Tilrådingar for behandling av akutte forgiftingar, utarbeidde av Giftinformasjonen. 

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Eddik kan gi etseskade. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 16. oktober 2023 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/mat-og-drikke/eddik/

Sist oppdatert måndag 16. oktober 2023