Eingongsstønad på 3324 kroner
Kvinner som føder heime, har rett til eingongsstønad ved heimefødsel (fødsel utanfor institusjon).
Eingongsstønaden er på 3324 kroner for 2024 (3260 kroner i 2023).
Les meir om vilkåra for heimefødsel på denne sida:
Planlagd heimefødsel
Dersom du vil føde heime, må du vere frisk og ha eit normalt svangerskap med fødsel til termin.
Husk erklæring frå jordmor/sjukehus
Merk at du ikkje kan få stønaden dersom fødselen skjer i ambulanse.
Det er svært viktig at jordmor/sjukehus lagar ei skriftleg erklæring om at heimefødselen har funne stad heime hos den fødande.
Du som er heimefødande legg denne erklæringa med søknaden du sender til Helfo.
Helfo må ha teke imot søknaden seinast innan seks månader etter fødselsdatoen til barnet.
Send søknad til Helfo
Du kan søkje om eingongsstønad etter heimefødsel ved å bruke digitalt skjema.
Du må leggje ved ei stadfesting frå helsepersonell på at du har fødd heime.
Papirskjema
Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut
Send søknaden til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.
Fullmakt ved kontakt med Helfo
Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.
Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.