Kva skjer under opptrening og rehabilitering?
Rehabilitering er ei tverrfagleg behandling der både sjukehus, rehabiliteringsinstitusjonar, fastlege, private fysioterapeutar og andre samarbeider.
Det er eit mål at meir rehabilitering skal skje nært, eller i, din eigen heim, og at du som pasient får eit aktivt og deltakande kvardagsliv.
Når betaler du eigenandel for rehabilitering i spesialisthelsetenesta?
Dersom skal til rehabilitering i spesialisthelsetenesta, får du eit slikt helsetilbod enten via eit offentleg sjukehus eller ein privat rehabiliteringsinstitusjon som har avtale med eit av de fire, nasjonale helseføretaka.
Du betaler ein eigenandel som tel med i oppteninga til frikort for helsetenester dersom du
- får poliklinisk behandling på dagtid eller;
- rehabilitering på ein privat rehabiliteringssituasjon med avtale med eit av helseføretaka;
Du betaler ingen eigendel dersom du blir lagt inn på eit sjukehus for rehabilitering.
Sjekk eigendelar og finn frikortet
Rehabiliteringsinstitusjonar under spesialisthelsetenestene, behandlarar og tenesteytarar har ansvar for å rapportere alle godkjende eigendeler til Helfo minst kvar 14. dag. Desse eigendelane vert registrert automatisk på deg. Les meir om kva som skjer når du har fått frikort eller har betalt over eigendelsgrensa.
Dersom du har du frikort for helsetenester, skal du ikkje betale eigendel.
Eigendelar på poliklinikk og private rehabiliteringsinstitusjonar
Det er berre godkjende eigendelar som tel med i oppteninga til frikort for helsetenester.
Her ser du eigendelen som tel med i oppteninga til frikort:
Opphald ved rehabiliterings- og opptreningsinstitusjonar | Eigendel |
---|---|
Sats rehabiliteringsinstitusjon, per dag eller døgn | 163 kroner |
Eigenbetaling/pasientbetaling må du dekke sjølv
Vær merksam på at private rehabiliteringsinstitusjonar kan ta betalt for tenester som ikkje tel med i frikort-oppteninga.
Gebyr dersom du ikkje møter opp
Dersom du ikkje kjem til timen du har fått, må du betale eit gebyr på 1612 kroner. Du betaler ikkje dette gebyret dersom du har gitt beskjed seinast 24 timer i før du har time.
Behandlingsstaden kan ikkje krevje gebyret dersom du ikkje møter til avtalt video- eller telefonkonsultasjon.
Husk å gi beskjed i god tid dersom du ikkje kan komme til timen, uansett om den er på sjukehus eller en privat rehabiliteringsinstitusjon.
Tilvising (henvisning) til rehabiliteringsinstitusjon
Ønskjer du tilvising (henvisning) til rehabilitering?
Det er fastlegen din, eller ein spesialist med avtale med det offentlege helsevesenet, som sender tilvising til opptrenings- og rehabiliteringsinstitusjonen.
Videoen under forklarar korleis du kan tilvising til rehabilitering.
Avtalar med private rehabiliteringsinstitusjonar
På nettsidene til helseregionane finn du meir informasjon om tilbodet av opptrenings- og rehabiliteringsinstitusjonar:
• Helse Sør-Øst
• Helse vest
• Helse Midt-Norge
• Helse nord