Eigendelar for helsetenester

Finn ut kor mykje du skal betale i eigendelar for behandling og andre helsetenester før du får frikort for helsetenester.

​Eigendelar er betaling som inngår i oppteninga til frikort for helsetenester. Du kan lese meir om frikort på denne sida: Frikort for helsetenester.

I enkelte tilfelle må du betale for forbruksmateriell eller liknande som ikkje tel med i oppteninga til frikort. 

Frikort for helsetenester  

Eigendelar frå

  • lege
  • psykolog
  • poliklinikk (sjukehus)
  • røntgeninstitutt
  • pasientreiser
  • medisinar, næringsmiddel og medisinsk utstyr på blå resept

 

  • undersøking og behandling hos fysioterapeut
  • enkelte former for tannbehandling
  • opphald ved godkjent rehabiliteringsinstitusjon
  • behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssykehus, Rikshospitalet HF

Egenandelstak 2024: 3165 kroner 

 

Eigendelar hos behandlarar

Eigendelar hos lege, psykolog, poliklinikk (sjukehus), laboratorium og røntgeninstitutt, fysioterapeut, tannlege (enkelte former for tannbehandling), enkelte opphald ved rehabiliterings- og opptreningsinstitusjonar og behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssjukehus/Rikshospitalet, samt eigendelar til medisinar, næringsmiddel og medisinsk utstyr på blå resept tel med i oppteninga til frikort for helsetenester.

Eigendelar hos fysioterapeut

Fysioterapeut Egenandel
For undersøkelse inntil 30 minutter (også hos manuellterapeut og andre spesialister) 201 kroner
Tillegg for diagnostisk ultralyd ved muskel- og skjelettplager 103 kroner
Inntil 20 minutter behandling hos fysioterapeut 144 kroner
Deretter per påbegynte 10 minutter 46 kroner
Inntil 20 minutter behandling hos manuellterapeut ​182 kroner 
Deretter per påbegynte 10 minutter 68 kroner
​Inntil 20 minutter behandling hos fysioterapeut med tilleggskompetanse i psykomotorisk fysioterapi  ​142 kroner 
Deretter per påbegynte 10 minutter 46 kroner
30 minutt gruppebehandling 63 kroner
​60 minutt gruppebehandling ​109 kroner
​90 minutt gruppebehandling ​157 kroner
Egenandelen henger sammen med behandlingsformen.  

Les meir på sida om eigendelar hos fysioterapeut.

Eigendelar hos lege

Lege Eigendel dagtid Eigendel kveldstid
Konsultasjon hos allmennlege 179 kroner 301 kroner
E-konsultasjon hos allmennlege 179 kroner 179 kroner
Konsultasjon/e-konsultasjon hos legevakt  179 kroner 301 kroner
Konsultasjon hos allmennlege der legen er spesialist i allmennmedisin 235 kroner 357 kroner
E-konsultasjon hos allmennlege der legen er spesialist i allmennmedisin 235 kroner 235 kroner
Konsultasjon/e-konsultasjon på legevakt der legen er spesialist i allmennmedisin 235 kroner 357 kroner
Sjukebesøk frå allmennlege/legevakt 240 kroner 384 kroner
Sjukebesøk av allmennlege som er spesialist i allmennmedisin 281 kroner 425 kroner
Konsultasjon hos/eller sjukebesøk frå spesialist 403 kroner  
Laboratorieprøver 64 kroner  
Røntgen  287 kroner  
Enkel pasientkontakt ved personlig frammøte eller bud, eller som resulterar i utskriving av sjukemelding eller tilvising til spesialist ​64 kroner 62 kroner

Les meir på sida om eigendelar hos lege.

Eigendelar på sjukehus/poliklinikk

 Eigendelstakstar på poliklinikk Sats
Undersøking, behandling, kontroll på poliklinikk av spesialist (Taksten gjeld og for telefon- og videokonsultasjonar) 403 kroner
Røntgen, ultralyd eller nukleærmedisinsk undersøking  287 kroner

Les meir på sida om eigendelar på sjukehus/poliklinikk.

Eigendelar hos psykolog

Psykolog Eigendel
Ordinær eigendel (1/2 eller 1 time) 403 kroner
Sesjon 1,5 time 604 kroner
Sesjon 2 timer 806 kroner
​Sesjon 2,5 timer ​1008 kroner
Sesjon 3 timer 1209 kroner
Gruppeterapi, minst 2 timer 403 kroner
Gruppeterapi, minst 3 timer 604 kroner

Les meir på sida «Eigendelar hos psykolog».

Eigendel hos tannlege

Det er berre to behandlingsformer hos tannlege der eigendelane inngår i oppteninga til frikort:

  • Sjukdommar og misdanningar (anomaliar) i munn og kjeve
  • Behandling av enkelte former for tannkjøtsjukdommar (marginal periodontitt og periimplantitt)

Tannlegar og tannpleiarar er ikkje bundne av dei fastsette refusjonstakstane, og bestemmer sjølv prisane sine. Du må derfor betale mellomlegget mellom det tannlegen/tannpleiaren krev og beløpet folketrygda dekkjer, sjølv om du har frikort. Les meir på sida «Hvem betaler tannlegeregningen din?».

Eigendelar ved rehabiliterings- og opptreningsinstitusjonar

Opphald ved rehabiliterings- og opptreningsinstitusjonar Eigendel
Sats rehabiliteringsinstitusjon, per dag eller døgn 163 kroner

Les meir på sida «Eigendelar på rehabiliteringsinstitusjon».

Eigendelar ved behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssjukehus/Rikshospitalet

Opphald ved behandlingsreiser til utlandet Eigendel
Opphald ved behandlingsreiser til utlandet, per døgn 137 kroner

Eigendelar for pasientreiser

Viss du ikkje har frikort for helsetenester må du betale ein eigendel for kvar enkelt pasientreise. Du må betale eigendel for kvar veg.

Les meir på Pasientreiser si side om eigendelar og satsar.

Har du reiseutgifter til anna behandling? Les meir på sida «Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse og nokre rekreasjonsopphald». Desse utgiftene tel ikkje med i oppteninga til frikort for helsetenester.

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Eigendelar for helsetenester. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 1. januar 2024 [henta laurdag 21. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/betaling-for-helsetjenester/egenandeler-for-helsetjenester/

Sist oppdatert måndag 1. januar 2024