Fødsel i EU/EØS eller Sveits

Dersom du er medlem av den norske folketrygda og føder når du oppheld deg i eit anna EU/EØS-land eller Sveits, kan du få dekt delar av utgiftene uavhengig av om du har planlagt å føde i utlandet eller ikkje.

Jordmor holder spedbarn

​​​

Akutt fødsel

​Dersom du føder før termin medan du oppheld deg i eit anna EU/EØS-land eller Sveits, skal du i utgangspunktet få dekt utgiftene etter lovgivinga i opphaldslandet ved å vise fram Europeisk helsetrygdkort. Behandlingsstaden må vere tilknytt det offentlege helsevesenet.

Søknad om dekning av utgifter dersom du ikkje har brukt helsetrygdkort

Dersom du har lagt ut for behandlinga sjølv, enten fordi du ikkje har nytta Europeisk helsetrygdkort, eller fordi du har fødd ved ein privat behandlingsstad, kan du i ettertid søke Helfo om å få dekt utgiftene.

For å kunne ha rett til refusjon må du som hovudregel vere medlem i folketrygda. Dersom Helfo reknar deg for å vere busett i eit anna EU/EØS-land, kan du ikkje få refusjon frå Helfo for behandling i landet du bur i. Her finn du viktig informasjon om kva personar som har rett til å nytte seg av ordninga.

Planlagd fødsel

​Dersom du ønsker å reise til eit anna EU/EØS-land for å føde, vil du kunne få dekt delar av utgiftene. Du kan ikkje få refusjon for utgifter til planlagd fødsel i Sveits.  

Du må legge ut og søke Helfo om refusjon i etterkant. 

Du må sjølv inngå avtale med ein fødeinstitusjon i landet du skal til.  

Førehandstilsegn – ei frivillig ordning

Du kan søke Helfo om førehandstilsegn for å avklare om du har rett til refusjon av utgifter til planlagd fødsel i EU/EØS. Førehandstilsegna bekreftar at du har krav på å få dekt utgiftene til fødselen. Du vil òg få vite kor mykje du maksimalt kan få dekt.

Saman med søknaden må du sende inn ei bekrefting på at du er gravid, til dømes kopi av helsekort for gravide. Du må òg sende inn eit behandlingstilbod frå fødeinstitusjonen der du planlegg å føde.

Sjølv om du får førehandstilsegn, må du likevel betale og deretter søke Helfo om refusjon.

Les meir om førehandstilsegn på sida «Sjukehusbehandling og andre spesialisthelsetenester i EU/EØS-land».

Lengre opphald i eit anna EU/EØS-land eller Sveits

Skal du opphalde deg i ein lengre periode i eit anna EU/EØS-land eller i Sveits før eller etter fødselen, bør du forsikre deg om at du har rett til å få dekt fødselen og helsetenester for deg og barnet ditt.

Du bør undersøke om du har rett til rettsdokument S1 frå Noreg. Les meir om kven som har rett til rettsdokument S1 og korleis du søker om å få det (sjå steg 2, 3 og 4).

Med rettsdokument S1 blir dekt fødselen og andre helsetenester for deg og barnet etter reglane i landet der du oppheld deg.

Helsehjelpa du eller barnet ditt får, må vere ein del av det offentlege helsetilbodet i opphaldslandet. Du betalar ein eventuell eigendel på lik linje med dei andre innbyggarane i landet.

Studentar

Dersom du er student i eit EU/EØS-land eller i Sveits og er medlem i den norske folketrygda, skal du vise Europeisk helsetrygdkort i samband med fødsel ved ein offentleg behandlingsstad. Helsetrygdkortet skal òg brukast i samband med svangerskapskontrollar og liknande.

Les meir om medlemskap i den norske folketrygda for studentar i EU/EØS-land og Sveits.

Du vil få dekt utgiftene du har i samband med graviditet og fødsel etter reglane i opphaldslandet. Det er derfor viktig å vere merksam på at tilbodet som blir gitt til gravide vil variere frå land til land.

Dersom du har lagt ut for utgiftene til fødselen, enten fordi du ikkje har nytta Europeisk helsetrygdkort, eller fordi du har fødd ved ein privat behandlingsstad, kan du i ettertid søke Helfo om refusjon.

Søk Helfo om førehandstilsegn

Du kan søke Helfo om førehandstilsegn for å avklare om du har rett til refusjon av utgifter til planlagd fødsel i EU/EØS.

Logg inn på Helfos digitale skjema

Logg inn på Helfos digitale skjema og søk om forhåndstilsagn eller om å få refundert utgifter.

Her finn du nyttig informasjon om å sende digitalt skjema.

Papirskjema

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet vårt, kan du i staden sende oss papirskjema. Husk dokumentasjon!

Fyll ut og send inn følgande skjema til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg:

Søk Helfo om refusjon

Du må sende skjema og dokumentasjon til Helfo innan 6 månadar frå behandlingsdato. Dersom du ikkje har gjort opp på staden, men har fått ein faktura i etterkant, bereknar vi fristen frå fakturadatoen i staden for behandlingsdatoen. Med faktura meiner vi i denne samanhengen den første betalingsoppfordringa / det første betalingskravet som er sendt frå behandlaren. 

Du må sørge for å få med deg original, spesifisert faktura og bekrefting på at utgiftene til fødselen er betalte. Refusjonen blir avgrensa oppover til det beløpet ein fødsel ville kosta i Noreg.

Logg inn på Helfos digitale skjema

Logg inn på Helfos digitale skjema og søk om forhåndstilsagn eller om å få refundert utgifter.

Her finn du nyttig informasjon om å sende digitalt skjema.

Papirskjema

Dersom du ikkje har høve til å nytte det digitale skjemaet vårt, kan du i staden sende oss papirskjema. Hugs dokumentasjon!

Fyll ut og send inn følgande skjema til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg:

Fullmakt ved kontakt med Helfo

Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Les om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Ta kontakt med Veiledning Helsenorge

Ta kontakt med Veiledning Helsenorge dersom du lurar på om du har rett til helsetrygdkort eller dekning av helsetenester i utlandet:

  • Telefon: +47 23 32 70 00
  • Telefaks: +47 33 34 73 73

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Fødsel i EU/EØS eller Sveits. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 23. april 2024 [henta laurdag 22. februar 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/behandling-i-utlandet/fodsel-i-eu-eos-eller-sveits/

Sist oppdatert tysdag 23. april 2024