Det er ulike måtar å få dekt utgiftene til dialysebehandlinga på. Dette kjem an på om du er i eit land innanfor eller utanfor EU/EØS.
Innanfor EU/EØS
Europeisk helsetrygdkort
Skal du reise innanfor EU/EØS og Sveits, skal du i utgangspunktet få dekt utgiftene til dialysebehandling på offentleg sjukehus etter lovgivinga i opphaldslandet. Du må då ha med Europeisk helsetrygdkort, og du skal berre betale same eigendel som innbyggarane i det landet der du oppheld deg. Du må sjølv inngå avtale med ein offentleg behandlingsstad der du kan få dialyse.
Er du statsborgar frå land utanfor EU/EØS, men busett i Noreg, har du i mange tilfelle ikkje rett til Europeisk helsetrygdkort. Du kan likevel ha rett til å få dekt utgifter til dialysebehandling i eit anna EU/EØS-land ved å legge ut sjølv og søke Helfo om dekning av utgifter.
Søknad om dekning av utgifter dersom du ikkje har brukt helsetrygdkort
For å ha rett til denne ordninga må du vere medlem av folketrygda. Ordninga gjeld òg i mange tilfelle for familiemedlemmar. Du kan ikkje få stønad til behandling i eit EU/EØS-land du blir rekna for å vere busett i.
Her finn du viktig informasjon om kva personar som har rett til å nytte seg av ordninga.
Når du sender søknad til Helfo, må du legge ved ei erklæring frå ein lege på at du har eit vedvarande og regelmessig behov for dialyse. Alternativt kan legen bekrefte behovet ved å signere og stemple rett i søknadsskjemaet.
Du må også legge ved originale spesifiserte kvitteringar eller original spesifisert faktura med dokumentasjon på at du har betalt for behandlinga.
For at Helfo skal kunne ta stilling til kravet, må dokumentasjonen vere forståeleg for oss. Det betyr at han i utgangspunktet må vere på norsk, dansk, svensk eller engelsk. Du bør derfor prøve å få skrive ut dokumentasjonen på eit av desse språka. Dersom dokumenta ligg føre på eit anna språk, kan Helfo ved behov be deg om å få desse omsett. Du må betale for omsettinga sjølv. Dersom du legg ved ei omsetting, må du også legge ved originalen.
Refusjonen blir avgrensa oppover til det beløpet behandlinga ville ha kosta i Noreg. Du vil aldri få dekt meir enn det behandlinga faktisk har kosta.
Førehandstilsegn – frivillig ordning
Du kan søke Helfo om førehandstilsegn for å avklare om du har rett til dekning av utgifter til dialysebehandling på sjukehus innanfor EU/EØS. Førehandstilsegna bekreftar at du har krav på å få dekt utgiftene til behandlinga. Du vil òg få vite kor mykje du maksimalt kan få dekt. Du må likevel betale for behandlinga og deretter søke om å få utgiftene dekt av Helfo.
Du må sjølv inngå avtale med ein behandlingsstad der du kan få dialyse.
Utanfor EU/EØS
Er du medlem av folketrygda og skal reise utanfor EU/EØS-området, må du sjølv legge ut for dialysebehandlinga og søke Helfo om å få dekt utgiftene i etterkant. Du kan ikkje søke om førehandstilsegner.
Du må sjølv inngå avtale med ein behandlingsstad der du kan få dialyse.
Når du sender søknad til Helfo, må du legge ved ei erklæring frå ein lege på at du har eit vedvarande og regelmessig behov for dialyse. Alternativt kan legen bekrefte behovet ved å signere og stemple rett i søknadsskjemaet.
Du må òg legge ved original, spesifisert faktura og bekrefting på at behandlinga er betalt.
For at Helfo skal kunne ta stilling til kravet, må dokumentasjonen vere forståeleg for oss. Det betyr at han i utgangspunktet må vere på norsk, dansk, svensk eller engelsk. Du bør derfor prøve å få skrive ut dokumentasjonen på eit av desse språka. Dersom dokumenta ligg føre på eit anna språk, kan Helfo ved behov be deg om å få desse omsett. Du må betale for omsettinga sjølv. Dersom du legg ved ei omsetting, må du òg legge ved originalen.
Utgifter til helsehjelp i Storbritannia
Storbritannia gikk ut av EU/EØS i 2020 (brexit). Dette medførte endringer i rett til å få dekket utgifter til helsehjelp. Fra 1. januar 2024 gjelder en ny trygdeavtale mellom Storbritannia og Norge.
Send søknad til Helfo
Behandling mottatt i EU/EØS: Du må sende skjema og dokumentasjon til Helfo innan 6 månadar frå behandlingsdato. Dersom du ikkje har gjort opp på staden, men har fått ein faktura i etterkant, bereknar vi fristen frå fakturadatoen i staden for behandlingsdatoen. Med faktura meiner vi i denne samanhengen den første betalingsoppfordringa / det første betalingskravet som er sendt frå behandlaren.
Behandling mottatt utanfor EU/EØS: Du må sende skjema og dokumentasjon til Helfo innan 6 månadar etter at helsehjelpa er mottatt og betalt.
Hugs å legge ved legeerklæring, original spesifisert faktura og bekrefting på at behandlinga er betalt.
Her finn du nyttig informasjon om å sende digitalt skjema.
Papirskjema
Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet vårt, kan du i staden fylle ut og sende inn følgande skjema til til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg: