Plantebaserte legemiddel

Plantebaserte legemiddel kan ha uheldige verknader sjølv om dei har eit naturleg opphav. Bruken av slike legemiddel kan påverke effekten av andre legemiddel.

Johannesurt

Kva er plantebaserte legemiddel

Plantebaserte legemiddel har eitt eller fleire verkestoff som er sammensett av plantemateriale. Slike legemiddel er som oftast tablettar eller kapslar som inneheld ekstraktar, men dei kan òg vere te, eteriske oljer og ulike formar for miksturar.

Naturlegemiddel har ein vidare definisjon enn plantebaserte legemiddel. Dei har verkestoff frå naturen, slik som plantar, dyr, mikroorganismar eller salt.

Plantebaserte legemiddel har ikkje alltid ein dokumentert effekt basert på kliniske studiar. Dei skal likevel fylle krava til kvalitet, og det må dokumenterast at dei ikkje er skadelege ved normal bruk.

Biverknader og uheldige kombinasjonar

Biverknader

Legemiddel kan ha biverknader sjølv om dei kjem frå naturen, men som oftast er biverknadene milde. Eksempel er lette mageplager eller allergiske reaksjonar.

Dersom du har spesielle helseproblem, kan du vere meir utsett for alvorlege biverknader ved bruk av plantebaserte legemiddel om du

  • er gammal
  • har allergiar
  • har nedsett nyre- eller leverfunksjon
  • har gjennomgått transplantasjonar

Uheldige kombinasjonar med andre legemiddel

Plantebaserte legemiddel kan forsterke eller redusere effekten av andre legemiddel, for eksempel ved å påverke korleis levra omdannar legemidla.
Hugs å fortelje legen din om du brukar slike legemiddel.

Nokre produkt kan påverke effekten av blodfortynnande legemidler, slik som warfarin/Marevan:

  • grøne grønsaker
  • kvitløk
  • plantebaserte produkt med ginkgo biloba og tranebær
  • johannesurt

Grapefrukt kan forsterke effekten av mellom anna

  • kalsiumantagonistar (blodtrykksenkande legemiddel)
  • statinar (kolesterolsenkande legemiddel)
  • immundempande legemiddel

Johannesurt

Mange legemiddel er kjende for å få redusert verknad i kombinasjon med johannesurt. 

  • Immunsuppressive middel som for eksempel ciclosporin eller tacrolimus
  • HIV-middel som for eksempel saquinavir eller nevirapine.
  • Digoxin
  • Teofyllin
  • Litium
  • Ppilepsimedisinar
  • Warfarin
  • Prevensjonsmiddel: Dersom ein brukar johannesurt saman med p-piller, kan dette føre til gjennombrotsblødingar og graviditet.
  • Antidepressive legemiddel som serotoninreopptakshemmarar eller SSRIar og triptanar (middel mot migrene). Johannesurt kan auke effekten av slike legemiddel, og alvorlege biverknader kan oppstå.

Johannesurt bør derfor som hovudregel ikkje kombinerast med andre legemiddel.

Unngå plantebaserte legemiddel før operasjonar

Ikkje bruk slike middel 1-2 veker før ein operasjon, fordi produkt med urter kan påverke blødingar under operasjonar. Det gjeld særleg ginkgo biloba, ginseng, johannesurt og ingefær.

Kjelder til informasjon om plantebaserte legemiddel

​Meir informasjon om rett bruk av plantebaserte legemiddel finn du

Felleskatalogen

Har du mistet pakningsvedlegget ditt? På Felleskatalogen finner du oppdaterte, digitale pakningsvedlegg og oversikt over hvilke medisiner som er til salgs i Norge.

Innhaldet er levert av Direktoratet for medisinske produkter (DMP)

Direktoratet for medisinske produkter (DMP) . Plantebaserte legemiddel. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 16. januar 2023 [henta torsdag 25. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/medisiner/naturmedisin/

Sist oppdatert måndag 16. januar 2023