Kan du dele eller knuse tablettar?

Form og hjelpestoff kan vere avgjerande for at medisinen fungerer som han skal. Derfor er det ein del medisinar som du ikkje skal dele eller knuse før du tar dei.

Åpnet kapsel med medisin

Det kan vere freistande å dele tabletten i mindre bitar som er lettare å svelgje, eller knuse og blande han i pålegg. Men det kan gjere at tabletten ikkje verkar slik han skal. Pakningsvedlegget seier ofte om du kan dele eller knuse tabletten, eller om du må svelgje han heil.

Ein kapsel eller tablett består av to typer innhaldsstoff:

  • Sjølve medisinen. Det vil seie verkestoffet.
  • Andre innhaldsstoff som er tilsette av mange ulike grunnar. Desse kallar vi for hjelpestoff.

For at verkestoffet skal gi deg den effekten du ønskjer, må det komme trygt fram til den rette staden i kroppen din. Nokre verkestoff har lokal effekt direkte i magen eller tarmen, men dei fleste verkestoffa skal først takast opp (absorberast) i blodet ditt før det kan ha effekt. Dette kallar vi systemisk effekt.

Hjelpestoff pakkar inn, held saman og bidrar til at verkestoffet i medisinen blir frakta rundt og teken opp i kroppen din på riktig måte.

Døme på korleis hjelpestoff påverkar opptaket i kroppen

Nokre verkestoff blir brotne ned i syre. Tablettar og kapslar med slike verkestoff inneheld hjelpestoff som toler magesyra, men som løyser seg opp når dei kjem til tarmen. I nokre medisinar ligg desse hjelpestoffa som eit skal utanpå. Då er det viktig at du ikkje deler eller opnar tabletten eller kapselen, for å unngå at magesyra trenger inn i medisinen og øydelegg han.

I andre medisinar er det mindre kuler inni tabletten eller kapselen som utgjer dette vernet, og då kan du dele eller opne utan å miste den beskyttande effekten. Men det er vanlegvis ikkje greitt å tygge desse kulene. Du bør svelgje dei heile, anten som pulver eller i nokre tilfelle blande dei i drikke.

Depotpreparat

Depotpreparat er tablettar og kapslar som verkar over lang tid. Det vil seie at dei slepp ut verkestoffet litt etter litt over fleire timar. Ein slik depoteffekt er nyttig for mange medisinar.Særleg der du får den beste effekten av medisinen når kroppen din får eit jamt tilskot av verkestoff. I tillegg treng du ikkje ta medisinen så ofte. Desse medisinane heiter gjerne «… retard», «… long», «… depot» eller liknande.

Nokre medisinar må du ete heile for at denne effekten skal bestå. Om du knuser eller deler depotpreparater, kan depoteffekten forsvinne.

Korleis veit du om du kan dele eller opne medisinen din?

Les pakningsvedlegget, under avsnittet «Hvordan du bruker …». Her skal det vere nemnt særskilt dersom tabletten eller kapselen skal svelgjast heil, eller om du kan dele eller opne han. Er du i tvil, kan du spørje på apoteket.

Felleskatalogen

Har du mistet pakningsvedlegget ditt? På Felleskatalogen finner du oppdaterte, digitale pakningsvedlegg og oversikt over hvilke medisiner som er til salgs i Norge.

Innhaldet er levert av Direktoratet for medisinske produkter (DMP)

Direktoratet for medisinske produkter (DMP) . Kan du dele eller knuse tablettar?. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 21. april 2022 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/medisiner/kan-du-dele-eller-knuse-tablettar/

Sist oppdatert torsdag 21. april 2022