Bilkøyring, narkotika og legemiddel

Du har ikkje lov til å køyre bil dersom køyreevna di er redusert av alkohol, narkotika eller legemiddel.

Bilkjøring og legemidler

Narkotiske stoff påverkar hjernen på ulike måtar og kan gjere deg kritikklaus, redusere reaksjonsevna og auke risikoviljen. Dette gjeld til dømes amfetamin, kokain, ecstasy, cannabis (hasj, marihuana), heroin og morfin. Fleire reseptpliktige legemiddel inneheld nokre av desse stoffa.

Reglar for reseptpliktige legemiddel

Det er ikkje mogleg å trekke eit skarpt skilje mellom trafikkfarlege og trafikktrygge legemiddel. Om du kan køyre bil, avheng ikkje berre av kva for legemiddel du bruker. Det avheng òg av dose, helsa di og om du bruker fleire legemiddel samstundes. Legen din må avklare dette saman med deg.

Nokre legemiddel har raud varseltrekant. Det betyr at det er eigne reglar for korleis desse legemidla skal brukast når ein køyrer bil. Desse reglane er fastsette i førarkortforskrifta og i Førarkortrettleiar frå Helsedirektoratet.

Dette betyr varseltrekanten:

  • Legemiddel med varseltrekant på pakninga: Styresmaktene har gitt detaljerte reglar for bruk ved bilkøyring.
  • Legemiddel utan varseltrekant på pakninga: Legen må saman med kvar enkelt pasient vurdere om det er forsvarleg å køyre bil når pasienten bruker legemiddelet.

Nokre legemiddel med varseltrekant kan brukast ved bilkøyring når dei blir brukte nøyaktig slik styresmaktene har bestemt. Samstundes kan fleire legemiddel utan varseltrekant gjere ein pasient ueigna til å køyre bil. Det betyr at legen alltid må vurdere om legemiddelet kan påverke evna til å køyre bil.

Reglane for bruk av legemiddel ved bilkøyring er kompliserte. Det betyr at legen som skriv ut resepten, alltid må vurdere om du kan køyre bil når du bruker legemiddelet.

Nedanfor ser du nokre døme på legemiddel og maksdosar som er tillatne ved bilkøyring.

Liste over legemidler med varseltrekant

Oversikt over legemiddel med varseltrekant

Legemiddel til LAR-behandling

  • bruksområde: legemiddelassistert rehabilitering ved opioidavhengigheit
  • kan innehalde nokre av desse verkestoffa: buprenorfin, levometadon, metadon

Cannabishaldige legemiddel

  • bruksområde: spasmedempande, smertestillande og anna
  • kan innehalde nokre av desse verkestoffa: delta-9-tetrahydrocannabinol (THC)

Benzodiazepiner og liknande

  • bruksområde: roande legemiddel og sovemedisinar
  • kan innehalde nokre av desse verkestoffa: klonazepam, alprazolam, diazepam, oksazepam, nitrazepam, midazolam, zopiklon, zolpidem

Opioid

  • bruksområde: mot sterke smerter, nokre legemiddel blir brukte ved hoste og diaré
  • kan innehalde nokre av desse verkestoffa: opium, buprenorfin, fentanyl, hydromorfon, ketobemidon, morfin, oksykodon, petidin, tapentadol, tramadol, etylmorfin, kodein, hydrokodon, sufentanil, alfentanil, remifentanil

Antihistamin

  • bruksområde: allergiar samt søvnvanskar og uro
  • kan innehalde nokre av desse verkestoffa:
    hydroksyzin, doksylamin, alimemazin, prometazin

Døme på tillatne maksdosar

Nedanfor ser du nokre døme på legemiddel og maksdosar som er tillatne ved bilkøyring som krev førarkort i gruppe 1 (klassane AM, S, T, A1, A2, A, B, BE). For førarkortgruppe 2 og 3 gjeld eigne reglar.

Dosane som kjem fram her, gjeld berre om du bruker eitt legemiddel om gongen. Dersom du bruker to legemiddel samstundes, må dosen som regel halverast. Det er legen som kjenner di sjukehistorie, som kan gjere ei totalvurdering av om helsekravet til førarkort er oppfylt i ditt tilfelle.

Benzodiazepin/roande

Du kan køyre bil (førarkortgruppe 1) dersom du bruker

  • oksazepam inntil 30 mg/døgn
    - eller -

  • diazepam inntil 10 mg/døgn

Benzodiazepin og liknande sovemedisin

Du kan køyre bil (førarkortgruppe 1) dersom du bruker

  • zopiklon inntil 7,5 mg/døgn
    - eller -

  • zolpidem inntil 10 mg/døgn
    - eller -

  • nitrazepam inntil 10 mg/døgn

Du må ta sovemedisinen minst 8 timar før du køyrer.

Sterke smertestillande legemiddel

Ved kortvarig bruk av slike legemiddel kan du berre køyre bil (førarkortgruppe 1) dersom alle punkta under er oppfylte:

  • Du bruker berre éin dose dagleg.
  • Legen har tilrådd dosen.
  • Du tek legemiddelet minst 8 timar før du køyrer.

Ved langvarig behandling med sterke smertestillande middel kan du køyre bil (førarkortgruppe 1) dersom alle punkta under er oppfylte:

  • Det er ein klar medisinsk indikasjon.
  • Det har gått minst éi veke etter siste doseauke.
  • Døgndosen svarar til inntil 300 mg morfin.
  • Legemidla er langtidsverkande.
  • Det har gått 8 timar etter inntak av ekstra dose korttidsverkande opioid.

Reglar for alkohol, narkotika og reseptfrie legemiddel

Det er ikkje tillate å køyre bil dersom du er påverka av alkohol, narkotika eller legemiddel.

  • Vi har lenge hatt ei promillegrense som bestemmer kor mykje alkohol det er tillate å ha i blodet ved bilkøyring (0,2 promille).
  • På same måte er det fastsett grenser for 28 forskjellige rusgivande stoff og legemiddel. Dette gjeld blant anna roande middel, sovemiddel, sterke smertestillande samt sentralstimulerande legemiddel og narkotika.
  • Du finn lista over middel med fastsette grenser i Forskrift om faste grenser for påverknad av andre rusgivande eller bedøvande middel enn alkohol. Forskrifta angir grenser for kva som er straffbart, og straffutmålingsgrenser for legemidla på lista.

Desse faste grensene gjeld ikkje for legemiddel som lege eller tannlege har skrive ut til deg. I slike situasjonar skal det vurderast konkret om du er klinisk påverka eller ikkje.

Fleire legemiddel saman gir auka risiko

Legemiddel kan forsterke effekten til kvarandre. Bruk av to eller fleire legemiddel samstundes kan redusere køyreevna, sjølv om medisinane kvar for seg ikkje gjer det. Dette kan gjelde sjølv om du tek medisinane i lave dosar. Alkohol, sjølv i små mengder, kan redusere køyreevna når du bruker det i tillegg til enkelte medisinar.

Felleskatalogen

Har du mistet pakningsvedlegget ditt? På Felleskatalogen finner du oppdaterte, digitale pakningsvedlegg og oversikt over hvilke medisiner som er til salgs i Norge.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Bilkøyring, narkotika og legemiddel. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 20. juni 2022 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/medisiner/bilkjoring-og-legemidler/

Sist oppdatert måndag 20. juni 2022