Korleis ete mindre salt?

Eit høgt inntak av salt i kosten aukar risikoen for høgt blodtrykk. Dette kan igjen føre til hjarte- og karsjukdomar. Sjekk derfor saltinnhaldet når du handlar, bruk reine råvarer og spør etter retter med mindre salt på serveringsstader.

Mesteparten av saltet vi får i oss, er alt tilsett i maten vi kjøper i butikken eller får servert. Industritilarbeidde matvarer bidreg med 70–80 prosent av saltet i kosthaldet vårt. Salt som vi bruker i matlaging og på maten, bidreg med 10–15 prosent.

Her finn du enkle grep for å ete mindre salt og oversikt over dei største saltkjeldene.

Små grep for mindre salt

  1. Sjekk saltinnhaldet på matvarer og retter, samanlikn og vel variantane med minst salt.
  2. Sjå etter Nøkkelholmerket. Matvarer med Nøkkelholet inneheld mindre salt enn andre matvarer av same type.
  3. Lag gjerne mat frå botnen av, basert på råvarer. Då har du betre kontroll på innhaldet i maten.
  4. Smak på maten før du saltar – kanskje er maten salt nok som han er. Tilset litt salt om gongen.
  5. Du kan erstatte salt med sitron, pepar og ulike typar eddik, som kvitvins- eller kryddereddik og balsamico.
  6. Gje maten meir smak med friske urter eller urtekrydder som oregano, basilikum og persille. Lauk, kvitlauk, chili og andre grønsaker med sterk smak framhevar smak i andre råvarer.
  7. Ver klar over at det kan vere mykje salt i produkt som buljong, soyasaus, østerssaus, marinadar, parmesan, blandingskrydder og dressingar. Vel produktet med minst salt.
  8. Bruk vatn som tørstedrikk. Nokre typar mineralvatn kan vere tilsett salt.
  9. Salt er ein vanesak. Om du gradvis reduserer saltmengda, vil du etter kvart oppleve mindre behov for saltsmak i maten du et.

Et frukt og grønsaker. Dei inneheld mykje kalium, som kan redusere den skadelege effekten av for mykje salt.

Samanlikn saltinnhaldet i ulike matvarer

Ferdigpakka matvarer er alltid merka med saltinnhald per 100 gram matvare. Der kan du sjå kor mykje salt maten inneheld. Ingredienslista gjev også ein pekepinn på saltinnhaldet. Dess tidlegare saltet står oppgjeve, dess meir salt er det i maten.

Matvarer med mykje salt

Det er ikkje berre den typiske ferdigmaten som inneheld mykje salt. Vanleg kvardagsmat kan også bidra med mykje salt. Det kan vere stor variasjon i saltinnhald innan same matvaregruppe. Det løner seg å lese næringsdeklarasjonen og samanlikne for å finne variantane med mindre salt.

Kjøtprodukt og brød- og kornvarer er dei største kjeldene til salt i kosthaldet. Andre saltkjelder er blant anna sausar og krydderblandingar, fiskeprodukt, ost, smør og margarin. Brød- og kornvarer inneheld ikkje så mykje salt per 100 gram, men sidan vi et mykje av det, er det ei av dei store saltkjeldene.

For dei som ofte kjøper hurtigmat eller ofte et på ulike serveringsstader, er det viktig å velje og etterspørje alternativ med mindre salt.

Forbrukarmakt og saltsamarbeid

Som forbrukar har du makt til å påverke produsentane. Det gjer du blant anna ved å velje bort matvarer med mykje salt – både i butikk og ved serveringsstader. Spør etter matvarer og retter med mindre salt.

For å få ned saltinntaket i Noreg er det starta ein felles dugnad gjennom etableringa av Saltpartnerskapet. Det er eit samarbeid mellom matvarebransjen, serveringsbransjen, forskingsmiljø, bransje- og interesseorganisasjonar og helsestyresmaktene.

Arbeidet er godt i gang, og du kan som forbrukar alt nyte godt av samarbeidet ved å kjøpe mat og måltid med mindre salt. Det blir lagt vekt på gradvis å redusere saltinnhaldet i dei mest brukte matvarene.

Brødskala'n - spis litt grovere

Nøkkelhullet - hjelp til å ta sunnere valg

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Korleis ete mindre salt?. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 4. januar 2021 [henta laurdag 20. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/kosthold-og-ernaring/sma-grep-for-et-sunt-kosthold/hvordan-spise-mindre-salt/

Sist oppdatert måndag 4. januar 2021