Slik kan du leve betre med nedsett høyrsle

Enkle grep kan gjere det enklare for deg å kommunisere med andre.

Sviktande høyrsle stiller større krav både til den som har nedsett høyrsle og til samtalepartnaren.   

  • Den som høyrer dårleg, kan bruke mykje krefter på å konsentrere seg og forstå kva som blir sagt. 
  • Samtalepartnaren kan bli utrygg på kva som blir oppfatta om det blir mange gjentakingar.  

Når vi er samla i godt lag, flyt gjerne samtalane på kross og tvers. Jo fleire som er saman, desto høgare kan lydnivået bli. Med nedsett høyrsle kan det vere krevjande å fungere i mange sosiale situasjonar.   

Det er viktig å ha kunnskap om og forståing for korleis du kan bidra til å gjere kommunikasjonen lettare.

Bruk høyreapparat og hjelpemiddel

Det er krevjande å lage rutinar for å bruke høyreapparat og hjelpemiddel. Det er viktig å hugse at dersom du har øvd lenge på å høyre dårleg, må du øve på å høyre lyd igjen også. Det er øving som gjer meister!   

Ver ein god venn om du kjenner nokon som strevar med å komme i gang med høyreapparat og hjelpemiddel. Spør om de kan øve saman når det berre er de to. Om du merkar at noko er vanskeleg, kan det vere lurt at de saman skriv ned kva som er utfordrande. På den måten kan audiografen lettare rettleie deg og gjere gode endringar. 

Dersom du skal snakke til ei forsamling der du har tilgang til mikrofon, skal du bruke mikrofonen utan å spørje forsamlinga. 

Tips til deg som bruker høreapparat

Her finner du noen tips for å gjøre det enklere for deg i hverdagen med høreapparat.

Gode lytteforhold

Klang og støy kan gjere det vanskelegare å høyre. Gode lytteforhold er viktig for alle, men spesielt viktig for den som har nedsett høyrsle. Prøv å dempe andre lydkjelder eller stenge ute støy frå utsida.   

Du kan endre innreiinga slik at eit rom blir rolegare. Du kan hengje opp gardiner eller persienner. Dei bidreg til å redusere etterklang og dempe lydar. Du kan også bruke materiale på veggane som absorberer lydar. Det kan til dømes vere akustikkplater eller veggteppe.  

På dagsenter og eldreforeiningar er det spesielt viktig å sørge for gode lokale utan unødvendig klang eller støy.

Bruk synet

Når du har nedsett høyrsle, vil synet kunne hjelpe deg til å høyre betre.   

Vi forstår lettare ord når vi også kan sjå uttrykk i andletet og gestane til den som snakkar. For å kunne lese mimikk og munnrørsler, er det viktig at lyset i rommet er godt, og at det er lys på den som snakkar. 

Stå tettare 

Gå nærare den du vil prate med. Det gjer lyden betre og det blir enklare å sjå ansiktet.

Ver open 

Det er ofte enklare å finne gode løysingar om du snakkar ope om kva du treng for å fungere.    

Skal du på legevakta eller andre stader der det er forventa at du reagerer på at namnet ditt blir ropt opp, er det lurt å gi beskjed når du registrerer deg om at du har nedsett høyrsle og må få beskjed på ein annan måte.  

Skal du bu på hotell, bør du seie frå til resepsjonen dersom du er uroa for ikkje å vakne av brannalarmen.

Bruk skrift

Det kan vere nødvendig å støtte ein samtale med skrift. Skriv ned viktige meldingar. Send tekstmelding med påminning om tid og stad for avtale.  

Kunstig intelligens er stadig i utvikling. Test ut transkriberings-appar på telefonen, nettbrettet eller PC-en for å tekste samtalar. Dei krev rolege omgivnader og er ikkje alltid gode på dialektar eller høgt tempo, men kan likevel vere enklare enn å skrive på lappar.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Slik kan du leve betre med nedsett høyrsle. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 4. desember 2023 [henta tysdag 3. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/horsel/leve-godt-nedsatt-horsel/

Sist oppdatert måndag 4. desember 2023