Øyre-nase-hals-lege
Om du har problem med høyrsla, kan fastlegen vise deg til ein øyre-nase-hals-lege. Denne legen kan finne årsaka til høyrsleproblemet ditt. Det kan vere ulike årsaker til nedsett høyrsle, og det er viktig å avklare årsaka.
Dersom du har ein øyresjukdom, kan det krevje at du får behandling.
Sykdommer og plager i ørene
En rekke sykdommer og skader kan gi plager i ørene. Noen kan også gi nedsatt hørsel. Prat med legen din hvis du opplever ubehag eller smerter i ørene.
Audiograf
Audiografene sine arbeidsoppgåver er å:
- utgreie høyrsletap
- tilpasse høyreapparat og andre høyrsletekniske hjelpemiddel
- følge opp brukarar av høyreapparat
- gje rettleiing og rådgjeving om korleis høyrsla verkar og kva som er følga av høyrsletap.
Audiografar jobbar:
- på høyrslesentralar ved sjukehus
- hos avtalespesialistar innan øyre-nase-hals
- hos leverandørar av høyreapparat
Nokon er også tilsette på NAV sine hjelpemiddelsentralar eller jobbar privat.
Hva er nedsatt hørsel?
Hvis du har problemer med å høre og oppfatte lyder som det menneskelige øret normalt skal fange opp, kan du ha nedsatt hørsel.
Audiopedagog
Ein audiopedagog er ein spesialpedagog med kunnskap om høyrsle, kommunikasjon, pedagogikk og språk. Audiopedagogar jobbar med menneske som har ulike utfordringar med høyrsla, og vanskar med språk og kommunikasjon.
Ein audiopedagog kan hjelpe deg med:
- rettleiing til barnehage og skule om tilrettelegging for barn og elevar med høyrselstap
- rettleie foreldre til barn med nedsett høyrsle
- rettleie personar med nedsett høyrsle eller andre høyrsleutfordringar
- kartlegge lytte- og språkutvikling, samt ferdigheiter og strategiar for kommunikasjon
- lyttetrening for barn og vaksne med høyreapparat og cochlea-implantat
- rettleiing og behandling for tinnitus, oversensibilitet for lydar (hyperakusis), misofoni og fonofobi.
For å få time hos ein audiopedagog, må du prate med fastlegen din.
Slik kan du leve betre med nedsett høyrsle
Enkle grep kan gjere det enklare for deg å kommunisere med andre.