Praktisk bistand og opplæring

Praktisk bistand omfattar hjelp til daglege, praktiske gjeremål i heimen og personleg stell. Hjelpa kan bli gitt både i og utanfor heimen. Noko av dette er det som tidlegare blei kalla heimehjelp.

Praktisk bistand kan dessutan omfatte opplæring, slik at du i tillegg til personleg assistanse òg får hjelp til å meistre gjeremål i kvardagen.

Døme på praktisk bistand kan vere

  • hjelp til å handle mat
  • matlaging
  • vask av klede og bustad
  • snømåking
  • hjelp til eigenomsorg

Bistand til, og opplæring i, personleg stell og eigenomsorg skal vere gratis. For annan praktisk bistand og anna opplæring kan kommunen ta ein eigenandel.

Kven kan få praktisk bistand?

Du har rett til praktisk bistand dersom du er avhengig av hjelp til eigenomsorg eller til å klare gjeremål i kvardagen. Når du søker om tenesta, vil kommunen vurdere kva du kan gjere sjølv, og kva du treng hjelp til.

Korleis søker du om praktisk bistand?

Dersom du har behov for praktisk bistand, kan du søke kommunen om dette. Du bør vere tydeleg og detaljert når du beskriv kva du treng hjelp til. Du bør òg beskrive årsaka til hjelpebehovet.

Informasjon om søknadsprosessen finn du på nettsidene til kommunen du bur i, eller ved å ta kontakt med kommunen. Ta kontakt med kommunen din om du treng meir informasjon eller rettleiing.

Når du har søkt, har kommunen plikt til å gi deg ei skriftleg avgjerd (enkeltvedtak), enten du får innvilga praktisk bistand eller ikkje. Vedtaket skal grunngjevast og innehalde informasjon om klagerett og klagefrist.

Du kan klage på vedtaket

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage.

Klaga sender du til kommunen, som skal vurdere saka på ny. Dersom kommunen ikkje tek klaga til følge, blir saka send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Det er pasient- og brukarombod i alle fylke. Du kan ta kontakt med pasient- og brukarombodet dersom du har behov for råd, rettleiing og informasjon om rettar som brukar eller pårørande.

iillustrasjonefoto

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Føremålet med BPA er å gje personar med stort hjelpebehov større fridom til å styre tenestene og kvardagen sjølv.

Illustrasjon: Shalamov/Mostphotos

Pasient- og brukarombodet

Er du ikkje nøgd med helsetenestene, eller har spørsmål om rettane dine, kan du få hjelp og råd frå pasient- og brukarombodet. Kven som helst kan ta kontakt.

Helse- og omsorgsdepartementet - lov om kommunale helse- og omsorgstjenester

Justis- og beredskapsdepartementet - behandlingsmåten i forvaltningssaker

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Praktisk bistand og opplæring. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 18. februar 2022 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/hjelpetilbud-i-kommunene/personlig-assistanse-praktisk-bistand-og-opplering/

Sist oppdatert fredag 18. februar 2022