Kontakt kommunale heimetenester på Helsenorge

Du kan som brukar eller pårørande kontakte eller kommunisere digitalt med kommunale heimetenester på Helsenorge. Denne tenesta er tilgjengeleg i mange kommunar, men ikkje alle.

Kommunisere med heimetenesta på Helsenorge

Har du tilgang til å kommunisere med heimetenesta på Helsenorge, kan du til dømes sende og ta imot meldingar, sjå avtalar og få varsel om utførte heimebesøk, eller gi andre tilgang til dine Helsenorge-tenester.

Sende og ta mot meldingar frå helse- og omsorgstenestene i kommunen

Du kan trygt kommunisere med helsekontaktane dine, til dømes fastlege, sjukehus eller heimesjukepleie, når det passar for deg.

Meldingane blir lagra slik at du har oversikt over alle meldingar du sender eller tek imot. Når du får ei melding på Helsenorge, får du varsel på SMS eller e-post.

I kalenderen ser du avtalane dine og kan avbestille dei du ikkje treng.

Sjå avtalar om heimebesøk og avbestille besøk

Du kan sjå avtalar du har med helsetenestene i kommunen på Helsenorge, som til dømes besøk frå heimesjukepleie. Logg inn på Helsenorge, og gå til Timeavtalar for å sjå avtalane.

Få varsel om utførte heimebesøk på tekstmelding eller e-post

Du kan velje å få varsel om nye meldingar på Helsenorge. Du kan få varsel på tekstmelding eller e-post. Logg inn på Helsenorge, og klikk på namnet ditt øvst til høgre i biletet, og vel Kontaktinformasjon og varseloppsett.

Gi andre tilgang til Helsenorge-tenestene dine

Du kan gi andre fullmakt til å bruke tilbodet på vegner av deg. Du avgjer sjølv kva personar du ønskjer å gi fullmakt til. Personane du gir fullmakt, må vere 18 år eller eldre. Det er mogleg å trekkje tilbake fullmakta når som helst på Helsenorge.

Slik gir du andre fullmakt på Helsenorge på dine vegne.

Sjå video om korleis du kan kommunisere med heimetenesta på Helsenorge

Kommunale hjemmetjenester på Helsenorge.

Varsel og tilgang for pårørande

Du kan få varsel på e-post eller tekstmelding når eit heimebesøk er utført. Dersom du er pårørande til ein som får heimetenester, kan du enkelt halde oversikt over hjelpa vedkomande får heime.

Slik gjer du det:

  1. Både pårørande og den som får heimetenester, må ha logga på Helsenorge og samtykt til bruksvilkåra.
    Logg inn på Helsenorge
  2. Den pårørande må ha fullmakt på Helsenorge til å representere den som tek imot tenestene. Fullmakta må minst gjelde for tenesteområdet Digitale helsetenester.
  3. Den pårørande må logge inn som seg sjølv og gå inn på sitt eige varseloppsett på Helsenorge. Oppgi at du ønskjer å få varsel om utført besøk. Dette gjer du slik:
    1. Klikk på namnet ditt øvst til høgre i biletet når du er logga inn, og vel Kontaktinformasjon og varseloppsett i menyen Profil og innstillingar.
    2. Under Kva type varslingar vil du ha?, vel Alle varsel.
    3. Huk av under Vil du ha same varsel for andre du representerer.

Les meir om varsel og tilgangar på Helsenorge

Kontakt og rettleiing

Har du spørsmål om bruk av den digitale løysinga, ring Rettleiing for Helsenorge på 23 32 70 00.

Har du spørsmål om heimetenestene du tek mot, ta kontakt med kommunen din.

Logge inn på Helsenorge

Du kan bruke BankID, BankID på mobil, Buypass ID på smartkort, Buypass ID i mobil eller Commfides e-ID for å logge inn til tenestene i Helsenorge.

Hjelpetilbud i kommunene

Her får du informasjon om hvilke helse- og omsorgstjenester kommunene tilbyr.

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Kontakt kommunale heimetenester på Helsenorge. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 28. februar 2023 [henta laurdag 21. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/hjelpetilbud-i-kommunene/kommunale-hjemmetjenester-paa-helsenorge-no/

Sist oppdatert tirsdag 28. februar 2023