Heimesjukepleie  

Heimesjukepleie er eit tilbod til deg som treng hjelp i kvardagen på grunn av sjukdom eller funksjonshemning. Hjelpa skal gje deg betre meistring og funksjon, mindre smerte og ubehag, fleire leveår og auka livskvalitet.   

Heimesjukepleiaren kan mellom anna hjelpe deg med:  

  • dagleg stell  
  • medisinar og sårbehandling  
  • rettleiing og opplæring, slik at du kan klare fleire oppgåver sjølv  

Andre typar helsetenester i heimen  

Døme på andre kommunale helsetenester du kan få heime er:

  • Psykisk helsehjelp
  • Fysioterapi
  • Ergoterapi
  • Habilitering og rehabilitering

Dei kommunale helsetenestene blir gitt heime om du ikkje er i stand til å oppsøkje helsetenesta sjølv, men dei kan også bli gitt utanfor heimen om det er mogleg. 

Heimesjukepleie og ergoterapi er gratis. Informasjon om eigendel for helseteneste finst her: Betaling for helsetenester – Helsenoreg.

Kontakte kommunale heimetjenester 

Du kan som brukar eller pårørande kontakte eller kommunisere digitalt med kommunale heimetenester på Helsenorge. Denne tenesta er tilgjengeleg i mange kommunar, men ikkje alle. 

Korleis søkje om helsetenester i heimen

For å få helsetenester i heimen, søkjer du til din kommune. Du finn søknadsskjema for helse- og omsorgstenester på din kommunes nettsider. Heimesjukepleie og anna helsehjelp i heimen blir tildelt etter behov. Helsepersonell i kommunen vurderer i samarbeid med deg og eventuelt dine pårørande kva slags tenester og tilbod som er aktuelle for deg.

Kommunen skal gje deg skriftleg tilbakemelding på søknad om helsehjelp i heimen. I tilbakemeldinga skal det stå kva tenester du blir tilbydd, og kva du skal få hjelp til. Dersom du får avslag på søknaden din, skal også dette grunngjevast i ei skriftleg tilbakemelding til deg.   

Korleis klage til kommunen? 

Dersom du meiner at kommunen ikkje gjev deg den hjelpa du har behov for, kan du klage. 

Klaga sender du til kommunen som vurderer saka på nytt. Dersom kommunen ikkje endrar avgjerda si, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren. Det er Statsforvaltaren som tek den endelege avgjerda om kva hjelp du skal få frå kommunen. 

Innbyggere holder telefon

Pasient- og brukarombodet

Pasient- og brukarombodet arbeider for å ivareta pasientens og brukarens behov, interesser og rettssikkerheit. I tillegg skal dei bidra til å betre kvaliteten i tenestene.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Helsetenester i heimen. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert mandag 15. desember 2025 [henta mandag 27. april 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/hjelpetilbud-i-kommunene/helsetjenester-i-hjemmet/

Sist oppdatert 15. desember 2025

Fann du det du lette etter?