Refusjon av utgifter til tandemsykkel

Synshemma, rørslehemma og psykisk utviklingshemma som er over 26 år, kan få refundert utgifter til innkjøp av tandemsykkel frå Helfo.

Foto: Morten Rakke / Helfo

Du kan få dekt utgifter til innkjøp av tandemsykkel med inntil 11 611 kroner.

Lege må stadfeste at du på grunn av funksjonshemminga ikkje er i stand til å sykle åleine, at du vil ha helsemessig utbytte av å sykle, og at forholda elles ligg til rette for bruk av tandemsykkel.

Du må òg ha inngått avtale med medsyklistar som er villige til å sykle jamleg saman med deg. Denne avtalen må vere skriftleg og innehalde namn og adresse til medsyklistane.

Du kan søkje om førehandsgodkjenning

Dersom du ønskjer å vere sikker på at du vil få dekt utgifter til tandemsykkel, kan du søkje om førehandsgodkjenning frå Helfo. Du må då sende nødvendig dokumentasjon til Helfo. Sjå informasjon under om korleis du søkjer.

Når søknaden er handsama, får du eit vedtak i posten.

Send søknad digitalt til Helfo

Du kan søkje om å få dekt utgifter til tandemsykkel ved å bruke eit digitalt skjema.

Skal du søkje om førehandsgodkjenning, må du ha legeerklæring og erklæring frå medsyklistane som du legg ved søknaden.

Har du fått førehandsgodkjenning, må du leggje ved spesifisert kvittering som inneheld produktnamn, pris, kjøpsdato og namn på forhandlar. 

Har du ikkje søkt om førehandsgodkjenning, må du i tillegg til spesifisert kvittering leggje ved legeerklæring og erklæring frå medsyklistane.

Helfo må ha teke imot søknaden seinast innan 30. juni året etter at du kjøpte tandemsykkelen.

Papirskjema

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden sende inn

​«Kvitteringsskjema for utgifter som kan dekkes etter folketrygdloven §5-22 (bidrag, 05-22.22)» Bokmål | Nynorsk

saman med nødvendig dokumentasjon til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringa før du sender ho inn.

Skal du søkje om førehandsgodkjenning, sender du erklæringane til Helfo. Det finst ikkje noko eige skjema du kan bruke til dette.

Dersom du fyller ut skjema på vegner av barn under 16 år, er det barnet sine personopplysningar du skal fylle inn. Det er derimot foreldre/føresette som skal skrive under på skjemaet.

Sakshandsamingstid

Sakshandsamingstida hos Helfo er inntil åtte veker.

Fullmakt ved Helfo-henvendelser

​Kontaktar du Helfo på vegne av nokon andre, må du ha fullmakt.