Helfo dekkjer utgifter til madrass- og puteovertrekk med inntil 1478 kroner (inklusive meirverdiavgift) for madrassovertrekk og med inntil 296 kroner (inklusive meirverdiavgift) for puteovertrekk. Utgiftene blir berre dekte éin gong.
Overtrekka må vere tilrådde av Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF).
Behovet for madrass- og puteovertrekk må dokumenterast gjennom utsegn eller epikrise frå spesialist i barnesjukdomar, lungesjukdomar, øyre- nase- halssjukdommar, indremedisin eller hudsjukdommar, eller ved å sende inn ei utsegn eller epikrise frå spesialist i allmennmedisin som har godkjenning til å bruke takst for allergologisk utgreiing. Det må gå fram av utsegna at du har middallergi.
Du må sjølv betale for madrass- og puteovertrekket og deretter krevje å få utgiftene refundert frå Helfo.
Når søknaden er handsama, får barnet eit vedtak frå Helfo i posten.