Refusjon av utgifter til elektrisk brystpumpe

Dersom du har barn med nedsett sugeevne på grunn av leppe-kjeve-ganespalte, kan du få eingongsbidrag frå Helfo til å dekkje utgifter til elektrisk brystpumpe.

Helfo dekkjer utgiftene til elektrisk brystpumpe med inntil 3362 kroner i 2024. (3236 kroner i 2023). Du må sjølv betale for den elektriske brystpumpa, og deretter kan du krevje å få utgiftene refundert frå Helfo.

Send søknad til Helfo

Du kan søkje om å få refundert utgifter til elektrisk brystpumpe ved å bruke eit digitalt skjema. 

Saman med søknaden må du òg leggje ved

  • erklæring frå relevant legespesialist om at barnet har leppe-kjeve-ganespalte, og at du treng ei elektrisk brystpumpe
  • spesifisert kvittering (som må innehalde produktnamn, pris, kjøpsdato og namn på forhandlaren)

Nyttig informasjon om å sende digitalt skjema

Du må sende søknaden til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgifta.

 

Papirskjema

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden sende inn

saman med legeerklæring og original, spesifisert kvittering. Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.

Søknaden skal sendast til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Sakshandsamingstid for elektrisk brystpumpe

Sakshandsamingstida i Helfo er inntil åtte veker.

Fullmakt ved Helfo-henvendelser

​Kontaktar du Helfo på vegne av nokon andre, må du ha fullmakt.

Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Ettersending av dokumentasjon

For at Helfo skal behandle søknaden din så raskt som mogleg, må du sende med all dokumentasjon og kvitteringar når du sender søknaden. Dersom du må ettersende dokumentasjon, går du fram på følgjande måte når du har logga deg inn i Altinn:

  • Vel «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» frå rullegardinmenyen under «Hva gjelder innsending»/ «Innsendingen gjelder».
  • Under «Tilleggsopplysninger» vel du «Etterspurt dokumentasjon».
  • Det er svært viktig at du fyller inn referansenummeret til din eksisterande sak. Då kan vi behandle saken din raskare. Referansenummeret kan for eksempel sjå slik ut: «22/0000».

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Hverdager kl. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Refusjon av utgifter til elektrisk brystpumpe. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 1. januar 2024 [henta tysdag 16. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/refusjon-og-stotteordninger/elektrisk-brystpumpe/

Sist oppdatert måndag 1. januar 2024