Kva er passiv røyking?

Passiv røyking er å puste inn luft med tobakksrøyk. For kvar sigarett som blir tent, siv det tobakksrøyk ut i lufta. Både den røyken som blir pusta ut, og den som kjem frå sjølve sigaretten er helseskadeleg. 

Meir enn 80 prosent av tobakksrøyken er usynleg. Viss du røyker, er det derfor viktig at du ikkje røyker i nærleiken av andre. Sjølv små mengder tobakksrøyk kan skade helsa, og det er inga trygg nedre grense. 

Det er for å beskytte mot passiv røyking at det er innført røykeforbod der folk ferdast.  

Helserisiko ved passiv røyking

Alle som pustar inn tobakksrøyk har auka risiko for å utvikle fleire av dei same sjukdomane som dei som røyker

Passiv røyking er særleg skadeleg for fostre, spedbarn og små barn, enten det skjer under svangerskapet eller tidleg i barns liv. 

Luftvegssjukdomar

Tobakksrøyk irriterer slimhinnene i luftvegane, og kan gje luftvegsplager. Har du astma, vil du i tillegg ha auka risiko for astmaanfall viss du blir utsett for tobakksrøyk. 

Hjarte- og karsjukdomar

Passiv røyking aukar risikoen for å få  hjarte- og karsjukdomar

Ikkje-røykarar som pustar inn tobakksrøyk har auka risiko for hjarteinfarkt. Om du allereie har andre hjartesjukdomar er du spesielt utsett. 

Lungekreft

Tobakksrøyk inneheld mange stoff som kan vere kreftframkallande Derfor aukar risikoen for kreft også hos dei som blir utsette for passiv røyking. Dette gjeld – særleg dei som blir utsette for tobakksrøyk dagleg. 

Røntgen av lunger

Helseskadar ved røyking

Røyking skader helsa på ulike vis. Hjarte- og karsjukdom, kols og lungekreft er blant dei alvorlege sjukdomane som røyking kan føre til.

Illustrasjon: Witthaya Prasongsin / Mostphotos

Passiv røyking gjev helserisiko for barn

Passiv røyking er spesielt skadeleg for barn, sidan kroppen framleis er under utvikling. Det kan føre til både kortvarige og langvarige konsekvensar for helsa deira.  

Nokre av dei vanlegaste kortvarige plagene er mindre alvorlege symptom som  

  • hoste
  • irriterte auge  
  • tung pust 

Astma

Barn som blir utsette for passiv røyking, utviklar oftare astma enn andre barn. Dei får i tillegg hyppigare og sterkare astmaanfall og blir oftare lagde inn på sjukehus. 

Luftvegssjukdomar

Barn er spesielt utsatte for luftvegsinfeksjonar ved passiv røyking. Grunnen til det er at luftvegane deira ikkje er ferdig utvikla, og tobakksrøyken gjer slimhinnene i luftvegane meir mottakelege for infeksjonar. 

Barn som veks opp i eit røykfylt miljø, har derfor betydeleg auka risiko for akutte luftvegsinfeksjonar som

Langvarig passiv røyking aukar også risikoen for kroniske luftvegssymptom. 

Øyrebetennelse

Barn som er utsette for tobakksrøyk over tid, har betydeleg auka risiko for mellomøyrebetennelse

Krybbedød

Spedbarn som har vore utsett for passiv røyking i mors liv eller etter fødselen, har større risiko for krybbedød. Risikoen er der også viss mor ikkje røykte sjølv som gravid, men vart utsett for passiv røyking.

Snus, røyk og graviditet

Om du ikkje røyker eller snusar når du er gravid, gir du barnet ditt betre moglegheiter for god vekst og utvikling. Røyk og snus aukar risikoen for komplikasjonar.

Slik beskyttar du barn mot passiv røyking

Barn har lovbestemt rett til eit røykfritt miljø. Det er den som er ansvarleg for barn, som skal sørgje for at denne retten blir oppfylt.

Det oppstår svært høge konsentrasjonar av helseskadelege stoff om du røyker i ein bil, sjølv om du prøver å røyke mest mogleg ut av vindauget. Frå 2026 har det derfor vorte forbode å røyke i private køyretøy der det er barn under 18 år til stades. 

Å vere røykfri aukar sjansen for eit ukomplisert svangerskap og gjev barnet betre vekst- og utviklingsutsikter. I tillegg er det bra for di eiga helse. Det meste av dei skadelege stoffa du pustar inn, når raskt fram til fosteret via morkaka og kan gje alvorlege følgjer for barnets helse. 

Det er best for deg og barnet ditt at du ikkje røyker eller snuser medan du ammar. Morsmjølk er viktig fordi det beskyttar mot infeksjonar og er bra for barnets helse. Du bør derfor halde fram med å amme sjølv om du røyker. Røyk så lite du greier, og vent med røykinga til rett etter amminga. Då vil det vere mindre nikotin i morsmjølka. 

Om mogleg bør du unngå å utsetjast for passiv røyking medan du ammar. Stoff kan også ved slik påverknad kome over i mjølka eller bidra til å minke mjølkeproduksjon hos mor. Det er likevel viktig å halde fram med å amme sjølv om du ikkje kan unngå å bli utsett for passiv røyking. 

Tredjehandsrøyking

Partiklar og stoff i tobakksrøyk festar seg til overflater i rom der nokon har røykt. Desse stoffa kan kvervlast opp og hamne i innelufta igjen. Å puste inn slike stoff kallar vi tredjehandsrøyking.  

Det er vanskeleg å vurdere nøyaktig, men helserisikoen ved tredjehandsrøyking er rekna å vere svært liten. 

Slutta-app

Få hjelp til å slutte å røyke eller snuse med Slutta-appen.

Slutta - din røykeslutt (facebook.com)

Slutta på Facebook.

Helsegevinster etter røykeslutt

Se hva som skjer i kroppen din når du kutter røyken.

Hvor avhengig er du av røyk?

Med denne testen kan du få en pekepinn.

A Report of the Surgeon General. How Tobacco Smoke Causes Disease: What It Means to You. U.S. Department of Health and Human Services, Centers for Disease Control and Prevention, 2010   

Nearly 85% of tobacco smoke is invisible,  Gee et al, Tobacco Control 2012   

Røyk og samsoving kan føre til krybbedød, Tidsskrift for Den norske legeforening, 2004.   

Does environmental cigarette smoke affect breastfeeding behavior? M Firouzbakht et al. J Family Community Med. 2017 

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Passiv røyking og helseskadar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 11. mars 2026 [henta fredag 13. mars 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/helse-og-miljo/passiv-royking/

Sist oppdatert 11. mars 2026