Symjekløe

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Symjekløe, eller cercariedermatitt, er eit kløande utslett på huda hos menneske. Utslettet oppstår etter eit bad i ferskvatn eller i ein dam, og kjem av fugleparasittar (ikter).

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Kva er symjekløe? 

Parasitten er ufarleg for menneske og kan berre utvikle seg hos fugl. Når parasitten finn ein fugl, vil han etter kvart trengje seg inn i huda på fuglen og vandre til blodårer i tarm eller naseslimhinner. 
 
Symjekløe får ein når parasitten ved ei feiltaking trengjer seg inn i huda på menneske. Parasitten kan ikkje utvikle seg hos menneske, så han døyr rett under huda. Dette fører til ein allergisk reaksjon hos nokre menneske, spesielt etter gjentekne eksponeringar.​ 

Dei første utbrota kjem oftast i juni/juli månad etter periodar med godvêr, og dei kan vare utover sommaren. Parasittane kan førekome i alle innsjøar med høge vasstemperaturar. Ein kan ikkje sjå på vatnet at det inneheld parasittar.​

Frittsvømmende cercarie

Frittsvømmende cercarie eller haleikte, som den også kalles.

Symptom på symjekløe

Parasitten er ikkje farleg for menneske, men gjev i varierande grad ein allergisk reaksjon. Utslettet kan vere svært kløande, og enkelte personar kan få til dels sterke allergiske reaksjonar. Det er også rapportert tilfelle av hevelsar i bein og armar, forstørra lymfeknutar, feber, kvalme og diaré. 

Dei første symptoma på slike parasittinfeksjonar hos menneske er ei "kitlande" og "prikkande" kjensle i huda idet parasittane trengjer seg inn. Ikkje alle opplever dette symptomet, som ofte kan merkast like etter at ein har kome opp av vatnet (4–20 minutt). Det varer vanlegvis ein times tid. Etter kvart kan det oppstå raude hevelsar på dette området. Hevelsane når sin maksimale storleik etter 24 timar, og nokre gonger seinare. Utslettet klør, og kan også minne om myggstikk. Symptoma forsvinn i løpet av éi til to veker. Graden av utslett vil variere avhengig av talet på parasittar i vatnet, tidlegare eksponeringar for parasitten, og generelt vere forskjellig frå person til person. Mange vil også oppleve at ein etter fleire eksponeringar får verre og verre plager. 

Har ein utslett på andre område enn dei som har vore i direkte kontakt med vatn, er det andre årsaker til symptoma enn symjekløe. Om sommaren vil ein ofte kunne oppleve hudutslett etter ulike insektstikk, eller etter kontakt med ulike planter slik som til dømes brennesler. 

Behandling av symjekløe

Det er vanlegvis ikkje nødvendig å behandle symjekløe, men kløestillande middel og antiallergisk behandling (antihistamin) kan lindre problema om utslettet er svært plagsamt. 

Råd for å forebygge svømmekløe

  • ​​Bad i område av vatnet som ikkje inneheld mykje sniglar, det vil seie unngå område med mykje vegetasjon i vatnet. 
  • Unngå strender som er påverka av pålandsvind, då parasittane kan konsentrerast i slike område.
  • Unngå grunne område der parasittane kan samlast, og bad heller frå flytebrygger.
  • Tørk huda med eit handkle med ein gong du kjem opp av vatnet, eventuelt ta ein dusj.
  • Ein studie har vist at vassfast solkrem med brennmanetbeskyttelse kan gje beskyttelse mot symjekløe.
  • ​Er ein sterkt plaga av utslettet, frårår vi bading i område med mykje symjekløe.

Innhaldet er levert av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. Symjekløe. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 25. april 2023 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/helse-og-miljo/insekter-og-skadedyr/svommekloe/

Sist oppdatert tysdag 25. april 2023