Hjortelusfluga

Hjortelusfluga, også kalla elgfluga, er ein blodsugande parasitt på hjortedyr som rådyr, elg og hjort. Om hausten landar ho ofte på menneske. Dei krabbar rundt i hår og skjegg, i klede og innanfor klede. Vanlegvis stikk dei ikkje mennesket, men dersom det skulle skje, kan stikket klø i lang tid.

Hjortelusflue uten vinger og med brun farge på kroppen. Hjortelusflua er flat og krabbelignende med kraftige klør på beina.

Ei kjønnsmoden hjortelusfluge fotografert i januar 2007 frå ein nyleg skoten elg. Vengjene er for lengst kasta, og ho er i full gang med utvikling av stadig nye larvar.

Skildring av hjortelusfluga 

Hjortelusfluga er flat og krabbeliknande med kraftige klør på beina. Hovudet er breiare enn langt. Antennene er små og sit innsenka i små groper. Kroppslengda er ca. 4,5–5 mm. Ho klekker om hausten med vengjer, men kastar vengjene når ho finn ein vert. Korte vengjestumpar blir ståande igjen. Etter første blodmåltid svulmar bakkroppen opp. Hjortelusflugene flyg omkring frå august til oktober på jakt etter ein vert, og bruker berre éin vert. 

Kan gje kløe og spreie bakterie 

Når hjortelusfluga landar på ein vert, kastar ho vengjene med ein gong og lusfluga blir verande. Ho kan stikke for å suge blod, men dette skjer sjeldan på menneske. 

Har du først vorte biten, vil somme merke stikket godt, mens andre merkar ikkje noko i det heile. Somme kan få opphovning og kløe, og ein hard raud kul vil kunne utvikle seg. Stikkstaden kan klø intenst i 14–20 dagar, og i ekstreme tilfelle kan den kløande kulen vare i eitt år. 

Frå Mellom-Europa er det indikasjonar på at hjortelusfluga kan spreie bakterien Bartonella schoenbuchensis frå rådyr til menneske. Den langvarige kløen kan kanskje vere eit resultat av ein Bartonella-infeksjon. 

Korleis førebyggje stikk av hjortelusfluge? 

Det er ikkje lett å beskytte seg mot hjortelusfluga. Vanlege myggmiddel gjev ingen beskyttelse. Ei finsk undersøking viste at hjortelusfluga oppsøkte svarte og raude klede oftare enn kvite klede. Ei kvit jakke og kvit caps kan derfor kanskje redusere talet på hjortelusfluger som landar på menneske. 

Her følgjer nokre tips dersom du skulle bli stukken: 

  • Plukk hjortelusfluga av så raskt som mogleg etter at ho har landa. 
  • Knip hjortelusfluga med fingrane og kast ho vekk. Å klemme ho i hel er ikkje mogleg mot hud, då hjortelusfluger er lêraktige og flate.
  • Har hjortelusfluga alt kasta vengjene, vil ho ikkje ha sjanse til å oppsøkje andre dyr eller menneske. 

Hjortelusfluga er i rask spreiing 

Hjortelusfluga finst over heile Europa og nordlege delar av Asia. Ho er innført til Nord-Amerika. I Norden er ho vanleg i Danmark, Søraust-Noreg og Sør-Sverige. 

Utbreiinga i Skandinavia ser no ut til å ha stagnert noko. Nordgrensa i Noreg er framleis i aksen Lillehammer – Rena.​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​

​Folkehelseinstituttet. Hjortelusflue. [Internett]. 2022 [hentet 2023-30.03]. Tilgjengelig fra: https://www.fhi.no/nettpub/skadedyrveilederen/fluer-og-mygg/hjortelusflue-/

Innhaldet er levert av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. Hjortelusfluga. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 26. september 2022 [henta tysdag 23. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/helse-og-miljo/insekter-og-skadedyr/hjortelusfluer/

Sist oppdatert måndag 26. september 2022