Dersom du forsørgjer ektefelle (sambuar / registrert partnar) og/eller barn under 18 år, kan utgifter de har hatt i kalenderåret til bidragsformål, slåast saman. Utgiftene kan òg slåast saman dersom fleire forsørgde barn under 18 år i same familie har utgifter til bidragsformål.
Dette gjeld berre utgifter til
- bandasjemateriell / medisinsk forbruksmateriell samt reseptfrie legemiddel til bruk i sårbehandlinga av kroniske og alvorlege sår og fistlar
- reseptfrie salver, kremar og oljer til behandling av alvorlege og kroniske hudlidingar
- legemiddel på kvit resept
Kvart familiemedlem sine utgifter til kvart enkelt bidragsformål oppført over, må ha nådd minstebeløpet på 1891 kroner (i 2019) før dei kan slåast saman. Familien betaler då samla berre eit minstebeløp i kalenderåret på 1891 kroner.
Dersom eit familiemedlem har utgifter til eit bidragsformål som ikkje overstig minstebeløpet, kan ikkje beløpet reknast med.