Sex når du er gravid

I eit normalt svangerskap er sex ufarleg både for fosteret og den gravide. Dersom du opplever blødigar bør du unngå samleie og ta kontakt med lege.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​For mange gravide og deira partnarar vil ikkje sexlivet endrast i vesentleg grad under ein graviditet.

Mange kan derimot ha ekstra stor glede av seksuallivet. Dei høge nivåa av kjønnshormon gir ekstra blodgjennomstrøyming og fukt til skjeden, som kan føre til at den gravide blir ekstra kåt. Kvinner som tidlegare ikkje har opplevd orgasmar, kan oppleve dei under graviditeten.

Ein del gravide kan oppleve redusert sexlyst under graviditeten. Det kan vere at andre behov er viktigare, som nærleik og kos. Det er viktig å snakke med partnaren om dette.

Manglande sexlyst kan henge saman med at du kjenner deg kvalm, trøytt og uopplagd. Dette gjeld særleg i dei tre første og de tre siste månadene av svangerskapet. Mot slutten av svangerskapet kan også endringa i kropp og rørsler verke hemmande på sexlysta.

Personlege og kulturelle faktorar kan også påverke kva innstilling ein har til sex under graviditeten. Dette er gjerne forskjellig frå par til par.​​

Er sex i svangerskapet farleg?

Penis kan ikkje skade barnet. Når den gravide får orgasme trekker livmora seg saman og magen blir hard som ein ball. Dette er heller ikkje skadeleg for barnet.

Barnet ligg godt beskytta inne i magen og slimproppen i livmorhalsen fungerer som ein barriere mot infeksjonar. Dersom du opplever blødingar under svangerskapet bør du unngå samleie og ta kontakt med jordmor, lege eller fødeavdeling.

Det er ikkje uvanleg at det kjem ei lita sporbløding etter samleie. Dette skuldast stor tilførsel av blod til livmortappen og skjeden, og slimhinner som er meir oppsvulma og dermed blør lettare. Ta uansett kontakt med jordmor eller lege dersom du får blødingar.

Sexleiketøy under graviditet 

Dersom du ønskjer å bruke sexleiketøy medan du er gravid eller ammar, bør du velje produkt utan ftalatar. Ftalatar er hormonforstyrrande kjemikaliar som kan finnast i enkelte typar mjuk plast.

Sexleiketøy som er laga av silikon, glas, rustfritt stål eller hard plast utan mjukgjerarar er trygge å bruke, så lenge du har eit normalt svangerskap og ikkje har fått andre råd frå lege eller jordmor.

Har du sexleiketøy frå før, eller er usikker på om produktet inneheld ftalatar, kan du bruke kondom utanpå leiketøyet for å redusere risikoen for kjemisk eksponering.

Hugs å reingjere alt utstyr grundig før og etter bruk. Ver ekstra varsam dersom noko kjennest ubehageleg eller smertefullt.  

Sex i siste trimester

Mot slutten av svangerskapet minskar ofte den seksuelle aktiviteten.

Magen kan være i vegen for nokre samleiestillingar, men så lenge lysta er til stades hos begge partar finst det mange ulike stillingar du kan prøve.Den gravide kan sitje øvst, partnaren kan stå bak, eller du kan ha samleie frå sida.

Oralsex kan ein nyte under heile svangerskapet, så sant ingen av partane har opne munnsår.

Redsle for å skade fosteret kan være ein medverkande faktor til redusert lyst og seksuell aktivitet hos både den gravide og partnaren.

Sex for å setje i gang fødselen

​Det finst ingen god medisinsk dokumentasjon på at sex kan setje i gang fødselen. I tida rundt termin vil kroppen likevel gjere seg klar for å føde, men det er ingenting som står i vegen for å prøve.

Sædceller inneheld prostaglandiner, som kan gjere livmorhalsen mjukare. Den gravide sin eigen produksjon av oxytocin kan auke ved stimulering av brysta og eventuell orgasme. Oxytocin kan bidra til å setje i gang samantrekningar i livmora.

På grunn av infeksjonsfare blir samleie ikkje tilrådd dersom fostervatnet har gått.

Trening som gravid og etter fødselen

Gravide som er fysisk aktive og trener, opplever enklere svangerskap og fødsel. Etter fødselen kan du trene så raskt som du føler for det.

Sex etter fødselen

Ein fødsel treng ikkje å påverke seksuallivet, men for nokre kan aktiviteten og lysta bli endra fordi ein er trøtt og døgnrytmen vert forstyrra.

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Sex når du er gravid. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 6. januar 2023 [henta tirsdag 5. august 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/sex-nar-du-er-gravid/

Sist oppdatert fredag 6. januar 2023