Helserisiko ved snusing i graviditeten
Bruk av snus medan du er gravid aukar risikoen for ein for tidleg fødsel. I tillegg kan snusing i svangerskapet auke risikoen for:
- dødfødsel
- keisarsnitt
- lågare fødselsvekt
- å vere liten i forhold til varigheita av svangerskapet
- kortvarig pustestans i nyføddperioden
- leppe-gane-spalte
Nikotin i snusen spelar sannsynlegvis ei viktig rolle i den auka risikoen for komplikasjonar. Det er derfor heller ikkje risikofritt å bruke “kvit” snus med lite eller ingen tobakk, så lenge han inneheld nikotin.
Å slutte med snus når du er gravid, er viktig for både deg og barnet ditt. Dersom du oppdagar at du er gravid og framleis snusar, bør du slutte så snart som mogleg.
Nikotinfri snus
Nokon prøver kanskje nikotinfri snus for å halde seg unna vanleg brun eller kvit snus. Det finst ikkje dokumentasjon som viser at det er helsefarleg å bruke snus utan nikotin og tobakk. Den inneheld stort sett plantefibrar, urter, krydder og nokre andre tilsetningar. Likevel kan nokre typar nikotinfri snus vere tilsette stoff som blir for frårådde gravide, til dømes ginseng. Dessutan er blant anna lakris og salt uheldig ved høgt blodtrykk.
Helserisiko ved røyking i graviditeten
Røyking som gravid aukar risikoen for:
- låg fødselsvekt og for tidleg fødsel
- dødfødsel
- krybbedød
- luftvegsinfeksjonar og astma hos barnet dei første leveåra
- forliggande morkake og morkakeløysing
- svangerskap utanfor livmora
- spontanabort
- blodpropp
Å slutte å røyke når du er gravid er viktig for både deg og barnet ditt. Det er òg viktig for barnet ditt at du ikkje blir utsett for passiv røyking. Dersom du røykte før du visste at du var gravid, betyr det ikkje nødvendigvis at fosteret har teke skade. Det viktigaste du kan gjere, er å slutte så snart som mogleg.
Nikotin gir mindre oksygen og næring
For at barnet skal vekse og utvikle seg normalt i løpet av svangerskapet, treng det oksygen. Oksygen blir transportert med blodet til mor og barn. Nikotinet i tobakken gjer at blodårane trekker seg saman, det skjer òg i morkaka og i livmora. Dermed får barnet mindre tilførsel av oksygen og næring.
Snusing kan føre til at fosteret blir utsett for meir langvarig tilførsel av nikotin enn ved røyking, sidan snusen ofte ligg lenger i munnen samanlikna med å røyke ein sigarett.
Dersom du røyker pustar du inn karbonmonoksid. Dette bidrar til at både du og barnet ditt får mindre oksygen.
Få hjelp og støtte til å slutte med snus og røyk
Det kan vere lettare å slutte om du ikkje gjer det heilt på eiga hand. For mange hjelper det å slutte saman med andre, til dømes partnaren. I tillegg finst det hjelpetilbod som kan gjere det enklare for deg:
- Lege eller jordmor
- Oversikt over hjelpemiddel
- Rettleiing og røykesluttkurs på frisklivssentralar
E-sigarettar under graviditeten
Du bør unngå all form for nikotin når du er gravid, også e-sigarettar. E-sigarettar utan nikotin bør gravide også unngå, sidan vi ikkje veit nok om helserisikoen.
Nikotinlegemiddel under graviditeten
Klarer du ikkje å slutte å røyke og snuse kan du, saman med fastlegen din, vurdere å bruke nikotinlegemiddel. Samanlikna med røyk og snus gir nikotinlegemiddel mindre helserisiko for deg og barnet. Bruk av nikotinlegemiddel som gravid må følgast opp av fastlegen.
Amming når du røyker eller snusar
Sjølv om du røyker eller snusar, er det viktig å amme. Det beste for barnet er likevel å ikkje røyke eller snuse når du ammar.