Symptom ved forgifting med grønsåpe
Ved svelging
- svie og ubehag i munn og svelg
- kvalme, magesmerter, oppkast og diaré
Ved søl på huda
- kan verke uttørkande på huda
Ved søl i auge
- svie og ubehag, rennande auge
- raude auge
Ved langvarig kontakttid med rein eller lite fortynna grønsåpe kan ein ikkje utelukke etseskade.
Førstehjelp ved forgifting med grønsåpe
Svelging av grønsåpe til bruk i private hushald
- Skyl munnen og gi litt drikke.
- Ved lette symptom som oppkast og diaré, sjå an heime.
- Ved kraftige eller vedvarande symptom, kontakt lege.
Søl på huda med grønsåpe til bruk i private hushald
- Skyl med vatn til huda ikkje kjennest såpeglatt ut lengre.
Søl i auge med grønsåpe til bruk i private hushald
- Skyl omgåande med rennande, lunka vatn i 15 til 30 minutt.
- Fjern eventuelle kontaktlinser.
- Ved vedvarande symptom, ring Giftinformasjonen eller lege.