Kjøleelement til kjølebag

Væska i kjøleelement for kjølebagar inneheld vanlegvis vatn og konserveringsmiddel og er ufarleg å smake på.

Blått kjøleelement

Væska frå kjøleelement er lite farleg å smake på.

Etter uhellsinntak er det vanlegvis ikkje nødvendig med vidare tiltak. Gje gjerne litt drikke for å fjerne eventuell vond smak.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Kjøleelement til kjølebag. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 2. april 2024 [henta fredag 22. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/kjoleelementer/

Sist oppdatert tysdag 2. april 2024