Vivendel har irriterande plantesaft

Vivendel (Lonicera periclymenum) er ei plante med irriterande plantesaft. Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete meir enn 10 til 15 bær.

Røde bær og grønne blader

Blomane til vivendel er vanlegvis kremkvite til gule. Bæra er raude.

Symptom ved forgifting med vivendel

  • ​magesmerter
  • kvalme
  • oppkast og/eller diaré

Førstehjelp etter uhell med vivendel

  • ​Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Gi litt å drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete meir enn 10 til 15 bær frå vivendel.​

Beskriving av vivendel

​Vivendel er ei slyngplante i leddvedslekta som kan bli 2 til 8 meter lang. Den er viltveksande og finst vanlegvis langs kysten. Vivendel blir òg ofte dyrka som prydbusk.

Blomane til vivendel er vanlegvis kremkvite til gule, nokre med purpurskjær, cirka 4 til 5 cm lange. Blomane er velduftande om kvelden. Bæra er raude.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Vivendel har irriterande plantesaft. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 5. november 2024 [henta laurdag 23. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/vivendel/

Sist oppdatert tysdag 5. november 2024