Tromsøpalme kan gje kraftig hudreaksjon

Tromsøpalme (Heracleum tromsoensis) inneheld plantesaft som kan gje kraftig utslett på hud. Kontakt Giftinformasjonen dersom du eller barnet ditt har hatt hudkontakt med tromsøpalme.

Kvite blomar. Ytre blomar i dei ytre småskjermane har større kronblad utover.

Tromsøpalme inneheld plantesaft som kan gje kraftig hudutslett.

​​Symptomar ved forgiftning med tromsøpalme

Tromsøpalme inneheld plantesaft som kan gje kraftig hudutslett. Utslettet svir, er gjerne raudt og eksemliknande, og væskefylte blemmer kan utvikle seg. I verste fall kan det utvikle seg arr og permanente pigmentforandringar i huda.

Denne typen utslett oppstår i tilfelle der du først får plantesafta på huda, for deretter å vere ute i sollys. Det tar gjerne eitt til tre døgn etter soleksponering før reaksjonen i huda oppstår.

Førstehjelp etter kontakt med tromsøpalme

  • Vask huda godt med såpe og vatn så raskt som mogleg.
  • Unngå deretter direkte sollys i minst to døgn.
  • Bruk solkrem med høg faktor, eller dekk til det aktuelle hudområdet.
  • Unngå bading og svømming i to døgn, då dette kan medføre forverring.
  • Kontakt lege dersom det utviklar seg sår.

Beskriving av tromsøpalme

Illustrasjon som viser skjermplante med hvite blomster og grønne stilker og bladet, som mangler både storsveip og småsveip.

Kjenneteikn på tromsøpalme:

Sveip: Manglar både storsveip og småsveip.

Blad: Store blad, finna med spisse, flika småblad.

Stengel: Grov og kantete, innhol. Inntil 5 cm tjukk. Jamt raudfarga nedst på stengel.

Blome: Kvit. Ytre blomar i dei ytre småskjermane har større kronblad utover.

Rot: Ingen spesielle kjenneteikn.

Høgde: To til fem meter høg.

Lukt: Ingen spesiell lukt.

Voksestad: I bjørkeskog og lier, skogkantar, eng, langsmed bekker og på tangvoll, elles i vegkantar og på skrotemark. Vanleg i kyststrøk i Nord-Noreg frå Finnmark til Nordland. Fleire stader i Sør-Noreg også.

Skjermplanter med hvite små blomster i solnedgang

Identifikasjon av giftige skjermplantar i Noreg

En oversikt over utvalgte giftige planter i skjermplantefamilien.

Illustrasjon: Giftinformasjonen

Appar som identifiserar planter

Det er viktig å hugse at alle kilder til informasjon må brukast med fornuft. Det er alltid lurt å sjekke fleire kilder. Treffsikkerheit varierer og er avhengig av fleire faktorar.

Artsorakel er Artsdatabanken sin app og nettstad, og er gratis. Den kan identifisere viltvoksande og ein del forvilla planter i norsk natur.

Generelle tips for bruk av planteappar:

  • Ta gode bilete (fokus).
  • Bruk fleire bilete.
  • Ta bilete av ulike plantedelar (for eksempel blome, stengel, blad).
  • Sett deg inn i korleis appen bør brukast og kva slags avgrensingar den har.

Når du har fått forslag til namn på planta, bør du søke på plantenamnet i ei kjelde til og samanlikne. Ei anna kjelde kan vere ein blomsterflora, nettside du stolar på eller kyndige personar.

Kontakt Giftinformasjonen om uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnopen telefon.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Tromsøpalme kan gje kraftig hudreaksjon. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 5. november 2024 [henta tysdag 3. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/tromsopalme/

Sist oppdatert tysdag 5. november 2024