Syrin

Syrin (Syringa vulgaris) er ei ufarleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein smak.

Syrinbusk med hjerteformede blader, fiolette blomster

Syrin har store toppar med fiolette eller kvite velduftande blomar.

Førstehjelp ved uhell med syrin

  • ​Gi gjerne litt drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av syrin

​Syrin er ei prydbusk som kan bli 2 til 5 meter høg. Blada er snaue, hjerteforma og blir 5 til 12 cm lange. Syrin har store toppar med fiolette eller kvite velduftande blomar.

Syrin brukt i mat

Giftinformasjonen svarer generelt ikkje på spørsmål om bruk av planter som næringsmiddel (safting, sylting og liknande). Kontakt Noregs sopp-og nyttevekstforbund eller Mattilsynet ved behov.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Syrin. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 25. oktober 2024 [henta tysdag 3. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/syrin/

Sist oppdatert fredag 25. oktober 2024