Storkonvall inneheld irriterande plantesaft

Storkonvall (Polygonatum multiflorum) er ei plante med irriterande plantesaft. Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete meir enn 8 til 10 bær frå storkonvall.

Hvite bjelleformede, avlange blomster hengende på stengel. Store grønne blader med striper

​Storkonvall er ei viltveksande plante som blir 40 til 70 cm høg.

Symptom etter inntak av storkonvall

Inntak av storkonvall kan gje symptom som ​

  • svie i munn og svelg
  • magesmerter
  • kvalme
  • oppkast, diare

Førstehjelp ved forgifting med storkonvall

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom du har ete meir enn 8 til 10 bær frå storkonvall.

Beskriving av storkonvall

​Storkonvall er ei viltveksande plante som blir 40 til 70 cm høg. Planta får blåsvarte bær.

Kantkonvall er ei liknande plante i storkonvallslekta.

Blåsort bær hengende på stengel. Grønne ovalformede blader med striper

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Storkonvall inneheld irriterande plantesaft. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 18. oktober 2024 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/storkonvall/

Sist oppdatert fredag 18. oktober 2024