Snøklokke inneheld irriterande plantesaft

Snøklokke (Galanthus nivalis) inneheld irriterande plantesaft. Løken inneheld mest av dei irriterande stoffa. Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete av løken eller større mengder av planta.

Hengende hvite blomster som vokser på egen stengel.

Snøklokke blømer tidleg om våren med hengande kvite blomar som veks på eigen stengel.

Symptom etter inntak av snøklokke

Inntak av snøklokke kan gi symptomer som

  • ​magesmerter
  • kvalme
  • oppkast og diaré

Førstehjelp ved forgifting med snøklokke

  • ​Fjern eventuelle planterestar frå munnen og gi litt å drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete av løken eller større mengder av andre plantedelar.

Skildring av snøklokke

​Snøklokke er ei 10 til 20 cm høg løkplante. Den blir dyrka som hageplante, men finst òg som forvilla plante i mellom anna parkar, lundar, grasmark og vegkantar. Frå løken kjem to lange, smale og flate blad.

Snøklokke blømer tidleg om våren med hengande kvite blomar som veks på eigen stengel.

Hengende hvite blomster som vokser på egen stengel.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Snøklokke inneheld irriterande plantesaft. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 18. oktober 2024 [henta laurdag 23. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/snoklokke-har-irriterende-plantesaft/

Sist oppdatert fredag 18. oktober 2024