Symptom ved forgiftning med roseartar
Roser er ei lite farleg planteslekt, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med roseartar
- Fjern planterestar frå munnen.
- Gi gjerne litt drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av roseartar
Roseslekta kan variere litt i utsjånad, men er ofte buskar med tornar på stamme og greiner. Blomane kan sitte for seg sjølv eller i små kvastar, og finst i mange fargenyansar.
Nokre roseartar får frukter i form av nyper. Nypene er ofte raude/raudbrune på farge.

Illustrasjon: Giftinformasjonen.