Perleblom

Perleblom (Muscari sp.) er lite farlege planter og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Blå blomster som sitter i tette, toppstilte klaser på stilker uten blader. Blomsterdekke er kuleformet eller krukkeformet

Perleblom er lite farlege planter.

Førstehjelp ved uhell med perleblom

  • ​Gi gjerne litt drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av perleblom

​Perleblomar er små løkplanter med grunnstilte blad. Blomane er vanlegvis blå eller purpurfarga og sit i tette, toppstilte klasar på stilkar utan blad. Blomedekket er kuleforma eller krukkeforma. Perleblom blir dyrka som prydplante, men finst også som forvilla plante.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Perleblom. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 11. oktober 2024 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/perleblomst/

Sist oppdatert fredag 11. oktober 2024