Kranskonvall

Kranskonvall (Polygonatum verticillatum) er ei plante med irriterande plantesaft. Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete fleire enn 8 til 10 bær frå kranskonvall.

Grøne blader av Kranskonvall med raude bær som heng under blada

Symptom ved forgiftning med kranskonvall

Dersom barnet ditt har smakt på kranskonvall kan hen få følgjande symptom:

  • vondt i magen
  • kvalme
  • oppkast og/eller diaré

Førstehjelp ved forgiftning med kranskonvall

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Gje litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete fleire enn 8 til 10 bær frå kranskonvall.

Skildring av kranskonvall

Kranskonvall er ei viltvoksande plante som blir 25 til 90 cm høg. Stengelen kan ha brunlilla eller rødaktige flekkar.

Kranskonvall får raude bær som kan bli mørke i fargen.

Nåleformede grønne og gule blader som er  kransstilte

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Kranskonvall. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 11. oktober 2024 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/kranskonvall/

Sist oppdatert fredag 11. oktober 2024