Klematis

Klematis (Clematis sp.) inneheld sterkt irriterande plantesaft. Små inntak gir forbigåande symptom. Kontakt Giftinformasjonen for råd om vidare oppfølging dersom barnet ditt har teke meir enn ein smakebit av klematis.

Åpen blomst med rosa og lyserosa farge og grønne blader

Symptom ved forgiftning med klematis

  • brennande kjensle i munn og svelg
  • auka spyttproduksjon​
  • magesmerte
  • kvalme, brekningar
  • oppkast, diaré

Førstehjelp ved forgiftning med klematis

  • ​Fjern eventuelle planterestar fra munn.
  • Gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har teke meir enn ein smakebit av klematis.

Skildring av klematis

​Klematis høyrer til rankeslekta og er ei svært populær hageplante. Planta er gjerne ei klatreplante med trehard stengel, men kan vere alt frå små planter som strekk seg opp nokre titalls centimeter, til ei slyngplante på mange meter.

Blomane kan variere i farge og form. Det finst variasjonar av blå, fiolett, gule, raude og kvite blomar. Nokre er opne, medan andre kan vere meir klokkeforma.

Planta er kjent for å smake vondt.

Kontakt Giftinformasjonen om uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnopen telefon.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Klematis. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 10. oktober 2024 [henta laurdag 23. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/klematis/

Sist oppdatert torsdag 10. oktober 2024