Irisartar

Irisartar (Iris sp.) inneheld irriterande plantesaft. Kontakt Giftinformasjonen for råd dersom barnet ditt har ete større mengder av ei irisplante.

Illustrasjonsbilde av gul sverdlilje

Sverdlilje (Iris pseudacorus)

Symptom ved forgifting med irisartar

  • svie i munn og svelg
  • magesmerter
  • kvalme
  • oppkast
  • diaré

Sprut i auget kan irritasjonseffektar som til dømes 

  • svie
  • tåreflaum
  • raude

Søl på huda kan gi

  • hudirritasjon

Førstehjelp ved forgifting med irisartar

  • Små inntak kan sjåast an heime. Fjern eventuelle planterestar frå munnen og gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete større mengder av ei irisplante.
  • Skyl grundig ved søl av plantesaft i auget eller på huda.

Beskriving av irisartar

Iris (sverdliljeslekta) er samansett av fleire artar. Sverdlilje (Iris pseudacorus) er einaste viltveksande art i Noreg. Sibiriris, hageiris og dvergiris er innførte prydplanter.

Blada på irisplanter er sverdforma, og blomane kan vere gule, blå, fiolette eller kvite.

Blå blomster med hvite markeringer

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Irisartar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 29. august 2024 [henta tysdag 3. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/irisarter/

Sist oppdatert torsdag 29. august 2024